Hopp til innhold

Leitinga held fram mandag

Ein mann i 50-åra er framleis sakna etter at båten han satt i velta i innsjøen Grønningen i Snåsa laurdag kveld. Politiet trur mannen har omkome.

Leteaksjon Grønningen

Leitinga etter den sakna mannen i 50-åra held fram.

Foto: Thor Riseth

– Me avslutta søket etter mannen i 50-åra kl. 21 i kveld, fortel operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt Kjetil Molland til NRK søndag.

Politiet har leia søket etter mannen heile dagen.

– Me har hatt med oss 10 personar frå Røde Kors og 60 frivillige gjennom dagen. Dei frivillige held fram med søket utover kvelden, fortel han.

Tidlegare søndag opplyste politiet at dei også hadde 15 båtar og ein vasscooter med seg i leitearbeidet.

Held fram i morgon

Politiet held fram med leitearbeidet mandag morgon.

– Då kjem både Røde Kors og dykkarar til å ta del i søket etter mannen.

To menn var ute i båt på innsjøen Grønningen laurdag kveld og begge gjekk over bord. Den eine av dei fekk varsla om ulukka.

Leiteaksjon

Store leitemannskap har leita laurdag kveld, natt til søndag og søndag. Politiet har gjenomført strandsøk ved innsjøen, men utan resultat.

Redningsdykkarar frå Trondheim deltok også i leitinga laurdag kveld i tillegg til to helikopter.