Hopp til innhold

Idar Jarle omkom i møte med panservogn: Familien kjenner seg gløymd av Forsvaret

Sonen omkom då han kolliderte med ei panservogn under militærøvinga Cold Response. Først to og eit halvt år etter, og rett før neste store NATO-øving, beklagar Forsvaret at dei etterlatne ikkje fekk den oppfølginga dei forventa.

Ulykke Snåsa - panservogn mot bil

Idar Jarle Trondseth (46) omkom i denne ulukka under den førre store NATO-øvinga i Noreg. Med autovern og brøytekantar på begge sider, hadde Trondseth liten sjanse til å styre unna panservogna på minst 45 tonn.

Foto: Thor Riseth

– Eg synest det er veldig fint at Forsvaret no tok kontakt med meg, sjølv om det er lenge sidan ulukka skjedde, seier Anny Målfrid Knutsen til NRK. No håper ho å få sjå staden i Snåsa der sonen hennar miste livet.

Idar Jarle Trondseth (46) frå Selbu var på veg til ein jobb i Snåsa og køyrde på fylkesveg 763 om morgonen 7. mars 2016.

Panservogna på minst 45 tonn var ute på eit bergingsoppdrag i øvingsområdet for NATO-øvinga Cold Response. Beltekøyretøyet kom delvis over i motsett køyrefelt i ein slak sving på den smale, delvis isete vegen. Med autovern og brøytekantar på begge sider, hadde Trondseth liten sjanse til å styre unna.

Idar Jarle Trondseth

Biletet av Idar Jarle Trondseth frå Selbu heng på veggen heime hos mora.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Høyrde ingenting frå Forsvaret før gravferda

Familien høyrde ingenting frå Forsvaret etter ulukka, bortsett frå at dei kom til Selbu kvelden før gravferda, var med i den og la igjen kontaktinformasjon.

– Sidan det openbert var Forsvaret som hadde skuld i ulukka, forventa dei pårørande å bli tatt betre vare på, sjølv om den omkomne var sivilist, seier bistandsadvokat Asle Alsethaug.

I staden var det han som måtte fortelje dei etterlatne om det han fekk vete om ulukka. Mykje av den informasjonen kom først eit år etter, i rapporten frå Statens havarikommisjon.

Så gjekk det ytterlegare eit år før Statsadvokaten i februar i år avgjorde påtalespørsmålet.

– Eg kjende det var vanskeleg å kome gjennom og avslutte sorgprosessen når eg fekk vete så lite om kva som skjedde då Idar Jarle omkom, seier Knutsen mens ho ser på bileta som vart publisert i media frå ulukkesstaden.

Anny Målfrid Knutsen og

For Anny Målfrid Knutsen, mor til avdøde Idar Jarle Trondseth, er det viktig at ei slik forferdeleg ulukke ikkje skjer igjen. Bistandsadvokat Asle Alsethaug opplyser og om at eit krav om oppreisningserstatning er sendt inn, men at pengane ikkje er det viktige.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Dårleg skilting og sikkerheit

Statens havarikommisjon kritiserte både Statens vegvesen og Forsvaret for dårleg skilting og varsling om militærøvinga i området. Kommisjonen peika også på at køyreopplæringa for slike panservogner må bli betre.

Statsadvokaten i Trøndelag gav Forsvaret ei bot på 500.000 kroner for manglande sikkerheit for sivil trafikk gjennom øvingsområdet. Føraren av panservogna fekk ei påtaleunnlating. Det betyr at vedkomande slepp tiltale, sjølv om det finst bevis nok til å føre ei sak for retten.

– I dette tilfellet vurderte vi det slik at vognføraren og vognkommandøren utførte eit oppdrag etter ordre frå Forsvaret, seier statsadvokat Unni Sandøy til NRK.

– Betyr dette at dersom ei liknande ulukke skjer under ei militærøving i framtida, så er folk i Forsvaret nærast fritekne for ansvar når dei fører store militærkøyretøy?

– Nei, snarare tvert imot. Føretaksstraffa på 500.000 kroner viser at Forsvaret har eit straffansvar, svarer statsadvokat Sandøy.

Etter at Forsvaret fekk føretaksbot, kan dei etterlatne krevje oppreisningserstatning som vanlegvis er på 150.000 kroner. Bistandsadvokat Asle Alsethaug opplyser at søksmålet no er sendt inn.

– Det er ikkje pengane som er viktig, men at Forsvaret tek lærdom av det som skjedde.

Gravsted

Idar Jarle Trondseth er gravlagd i Selbu. Han etterlet seg ei dotter på sju år.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ikkje krav om følgjebil

Etter ulukka reagerte Anny Målfrid Knutsen på at den store, tunge beltevogna kunne køyre på den offentlege vegen utan følgjebil.

Under militærøvingar har Forsvaret definert område som dei kallar «kampsone». Innanfor denne er dei ikkje pålagde å nytte følgjebil når store køyretøy må flytte seg via offentleg veg.

I rapporten skreiv havarikommisjonen mellom anna dette:

Oberstløytnant Ivar Moen

– Vi har ingen å miste. Vi beklagar sterkt det som skjedde med Idar Jarle Trondseth, seier oberstløytnant Ivar Moen ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

«Frafallet av ein ledsagerbil foran et stort militært kjøretøy, gjør at man på uoversiktlige veistrekninger får mindre tid til å forberede og gjennomføre ein trygg møtesituasjon for begge partar»

– Vi ville ikkje vere påtrengjande

Oberstløytnant Ivar Moen ved Forsvarets operative hovudkvarter seier betre skilting, meir synleg militært personell og generell informasjon til publikum, er viktig for å minske risikoen for ulukker på vegane.

I slutten av oktober startar Trident Juncture, den største øvinga på mange år i Noreg. Minst 10.000 militære køyretøy blir å sjå på vegane i store delar av Sør-Noreg.

– Vi har ingen å miste. Vi beklagar sterkt det som skjedde med Idar Jarle Trondseth, seier oberstløytnant Moen til NRK.

Han forklarer fråværet av oppfølging av den råka familien i Selbu slik:

– Vi la igjen informasjon då vi var i gravferda slik at familien kunne kontakte oss om dei ønska.

– Vi ville ikkje vere påtrengande. Vi ser i etterkant at det ikkje var den rolla pårørande forventa av oss og det tek vi til oss.

Får kome til ulukkestaden

Det var etter at NRK tok kontakt med Forsvaret i arbeidet med denne artikkelen, at Knutsen vart ringd opp av ein annan representant for Forsvaret.

Eg sa at eg ikkje er ute etter å legge skulda på nokon særskilt, men meiner det er rett å seie ifrå at familien vår har kjent seg gløymd av Forsvaret. For oss er det også viktig at ei slik forferdeleg ulukke ikkje skjer igjen, seier Knutsen.

I nær framtid får ho møte Forsvaret og er også lova å få kome til ulukkestaden på fylkesvegen i Snåsa.

Eg får aldri sonen min tilbake. Og barnebarnet mitt mista faren sin så altfor tidleg. Men kanskje kan familien snart få ei verdig avslutning på sorgprosessen, seier Anny Målfrid Knutsen.