– Det var ein hard fight med Ustjugov. Han gjekk fort og eg prøvde å hente inn forspranget. På sisterunden tapte eg tre-fire sekund, men alt i alt er eg nøgd, seier Northug til NRK etter målgang.
– Korleis er formen?
– Eg kjende at eg hadde det vondt på dei siste rundane, og for å kunne få det må ein vere i god form. 22 sekund opp er ikkje ille, og eg gler meg til nye tøffe fightar med Ustjugov i Canmore, svarar Northug.
I mål var han 17,7 sekund bak russaren. Ut frå start var avstanden 16,7 sekund, og i tillegg tapte han fem bonussekund.
- Les også:
– Northug virker å vere i balanse og i god form,. Han er lysten på å vinne denne touren, og det har han verkeleg sjansen til, seier NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland.
For tøft for Iversen
Northug såg seg over skuldra etter Iversen ut frå start, og etter få kilometer var dei samla og jakta russaren i lag. Det holdt ein liten runde i den fire kilometer lange løypa, før Northug tok sa takk og farvel til romkameraten og tok opp jakta på russaren aleine.
– Eg må seie meg nøgd med å ligge som nummer tre samanlagt. Det gjekk litt tungt idag, men eg er nøgd. Eg kjende fort at Petter gjekk for hardt og då slepte eg han, seier Emil Iversen til NRK etter målgang.
– Eg ser lyst på sjansane mine, eg ligg mykje betre an enn det eg hadde håpa på.
- Les også:
- Les også:
Iversen tok att dei knappe ti sekunda han var bak Northug kjapt, men fekk det tøft mot slutten og tapte tilslutt eitt minutt og to sekund i kampen om samanlagtsigeren, i tillegg til ti bonussekund.
Imponert over Ustjugov - trur på norsk vinnar
Dei norske har latt seg imponera av russaren som holdt unna i front heile vegen.
– Han er i ein klasse for seg, han er sterk, seier Iversen.
– Han er i skremmande god form for tida, men eg er sikker på at det vert ein nordmann som vinn tilslutt, seier Martin Johnsrud Sundby.
– Kven då?
– Petter ligg bra an, og den klassiske sprinten som kjem passar også Emil bra. Eg har heller ikkje gitt opp sjølv, eg skal gjere mitt for å kjempa om sigeren, legg Tour de Ski-vinnaren til.
Martin Johnsrud Sundby gjekk raskast av dei norske og starta 2.13 minutt bak. Han tok inn 23 sekund i dagens løp og medrekna bonussekunda ligg han no 2.05 minutt bak russaren.