– Det er ei heilt grei trekning, og ikkje umogleg om vi går vidare, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen til NRK. Hødd får heimekamp først om dei kjem så langt.
– Har de ein fair sjanse dersom Hødd går til tredje kvalifiseringsrunde?
– Det er ei lita moglegheit, ja. Det er ikkje dei verste vi kunne få – det er midt på treet. Sturm Graz er eit bra lag, men uansett er det motstand som normalt skal slå oss. Det går mest sannsynleg til Sturm Graz, men vi møter helst Breidablikk, seier Nilsen.
– Veit ikkje kva som møter oss
– Kva odds gir du for Hødd-avansement etter 1–0 i går?
– Nei, det er vanskeleg å seie. Vi veit ikkje heilt kva som møter oss. Vi skulle gjerne hatt eitt mål til, men scorar vi eitt der må dei ha tre mål. Vi har ein liten sjanse, og den må reise nedover og prøve å ta.
– Uansett blir det eit eventyr?
– Ja, det blir heilt fantastisk spennande å reise dit. Ein kamp for livet, og ei vanvitig oppleving, seier Hødd-trenaren.
Sturm Graz spela 0–0 mot Breidablikk og bør ha dei beste sjansane til avansement av dei to laga.
Blanda utgangspunkt for dei andre
Også tre andre norske lag er med i europaligaen, med blanda utgangspunkt etter kampane torsdag.
Tromsø ligg best an, etter 2–0 over aserbajdsjanske Inter Baku på Alfheim. Går TIL vidare, skal dei møte enten Differdange frå Luxembourg eller Utrecht frå Nederland. Differdange vann overraskande 2–1 i heimekampen. Tromsø er heime først.
Strømsgodset heldt oppe håpet om avansement med ei sein utlikning til 2–2 mot Debrecen, men får det likevel vanskeleg i Ungarn torsdag. Skulle Godset likevel klare det, ventar tsjekkiske Jablonec i 3. kval.runde. Godest spelar først borte.
Dårlegast utgangspunkt av dei norske, har Rosenborg. På Lerkendal tapte dei 1–0 for skotske St. Johnstone, og får ei stor oppgåve i Perth i neste veke.
Men om dei maktar den store oppgåva i Skottland, blir det Valletta frå Malta eller Minsk frå Kviterussland. Dei to spela 1–1 på Malta i første kamp. Rosenborg har også bortekamp først.
Men for alle dei norske laga gjeld det at dei må spele returkampar i 2. kvalifserande runde før dei eventuelt skal møte desse laga.
Alle returkampane i 2. kvalik-runde går komande torsdag. Kampane skal spelast 1. august, returkampane 8. august.