Hopp til innhold

Rekdals superbyte avgjorde mot Ulf

Kjetil Rekdals to byte i pausen og tidleg i andre omgang sytte for Vålerenga-overkøyring av Sandnes Ulf på Ullevaal og klar 3-0-siger til Oslo-laget.

Rasmus Lindkvist

Rasmus Lindkvist har nettopp sette inn 2-0-målet og jublar for målet

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Rasmus Lindkvist kom inn for Diego Calvo frå start i andre omgang. – Dermed skal vi få betre fart på kantane, sa Rekdal til CMore i pausen.

Ni minutt etterpå entra 18 år gamle Herman Stengel bana, til erstatning for 20 år eldre Morten Berre.

Og ikkje mange minutt etterpå la Stengel ei glimrande pasning langs 16-meteren til Lindkvist, som kaldt sette ballen bak Ulfs keeper Hanes Thor Halldorsson. Innbytarane hadde punktert kampen.

Dermed stod det 2-0, og derfrå og inn var det spel i ei retning. Niklas Gunnarsson sette inn 3–0 rett etterpå.

Då var kampen køyrt. Den siste halvtimen kontrollerte heimelaget kampen inn til tre sikre poeng.

– Merka påskeferien

– Vi kunne fort fått mål mot oss før pause, og då hadde det blitt ein annan kamp. Men vi har ein stall som gir oss sjanse til å byte på formasjonane, og det fekk vi att for i dag. Vi merka påskeferien den siste halvtimen og var slitne. Men vi vann klart og eg er nøgd, sa Kjetil Rekdal.

Han meiner Vålerenga er kome godt i gang, med to sigrar på dei første fire kampane.

– Vi spelar fin fotball i lange periodar. Vi har eit ungt lag og vil svinge litt. Men 3–0 i eliteserien er godt. No skal vi ha ein cupkamp torsdag, så kan vi rullere litt. Deretter ventar ein viktig bortekamp mot Sarpsborg, summerer opp Rekdal.

– Vi drep kampen dei første 20 minutta av andre omgang i dag, og det er eg nøgd med, sa Vålerengas Christian Grindheim.

Ulf-trenar Asle Andersen var ikkje like godt nøgd med dagen

– Vi startar bra, men er dårlege i ti minutt. Det utnyttar Vålerenga, og dermed er kampen køyrt, sa Andersen til CMore.

Han trur ikkje laget er for dårleg trent.

– Nei, det er vi ikkje. Men i dag svikta konsentrasjonen, og vi var ikkje gode nok, seier Andersen.

Jamn første omgang

Første omgang var ei jamn affære. Vålerenga opna sterkt og hadde fleire store sjansar dei første 20 minutta.

Vidar Ørn Kjartansson

Vidar Ørn Kjartansson er toppscorar i eliteserien så langt. Mot Sandnes Ulf sette han inn sitt fjerde for sesongen

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det er sjansar vi skal score på. Når vi ikkje klarer det, blir det ein annan kamp, sa Rekdal.

For gjestene kom inn att i kampen etter det, og dei hadde sjansar som var endå større til å ta leiinga. Men også dei rota det til for seg sjølv.

Scoringsrekord for Vålerenga

Men det som såg ut til å bli ein mållaus omgang, enda med VIF-leiing sekund før pausen. Christian Grindheim finta skot, lurte Ulf-forsvaret, spela fram Vidar Ørn Kjartansson som lett sette inn sitt fjerde mål for sesongen.

– Utruleg surt. Vi hadde klart å få kampen inn i vårt spor, sa Ulf-kaptein Aksel Berget Skjølsvik i pausen.

Med det målet sette Vålerenga klubbrekord med scoring i 15 strake heimekampar. Frå september 1981 til september 1982 scora laget i 14 heimekampar på rad.

Fotball