Hopp til innhold

– Kan ikkje køyra fullt løp i verdscupen

Ekspertar meiner Ole Einar Bjørndalen (40) må nedprioritera verdscupen for å kunna prestera i VM.

Ole Einar Bjørndalen

Verken Ola Lunde eller Halvard Hanevold er overraska over at Ole Einar Bjørndalen (40) held fram i to år til.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Alternativet var å leggja opp, men det er klart VM på heimebane freistar, seier NRKs ekspertkommentator Ola Lunde, som meiner det er naturleg at Bjørndalen tek to nye år etter prestasjonen i Sotsji-OL.

Ola Lunde

– Det er ikkje noko problem fro Ole Einar å satsa i to år til. Er det nokon som klarar å motivera seg for å gjera jobben, så er det han, seier NRKs ekspertkommentator Ola Lunde.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Tidlegare i dag vart det kjend at tidenes mestvinnande vinterolympiar har bestemt seg for å halda fram i to år til.

  • På sin eigen Facebook-profil forklarar Bjørndalen meir om kva som fekk han til å halda fram, og kvifor resultata ikkje har vore så gode som han skulle ynskje dei siste åra.

Kjem til å nedprioritera verdscupen

Lunde meiner Bjørndalen ikkje har sjanse når det gjeld verdscupen samanlagt, og at det fyrst og fremst er viktig å velja ut enkelte løp han vil prioritera.

– Viss Ole Einar skal prestera i VM i Kontiolahti (2015) og VM i Holmenkollen (2016), kan han ikkje køyra eit fullt løp i verdscupen, seier han og legg til:

– Det handlar om restitusjon og å få tid til å koma seg. Det er det som er problemet når ein kjem opp i ein viss alder.

OL-meister Halvard Hanevold er einig med Lunde i at Bjørndalen ikkje kjem til å fokusera maks på verdscupen, men at han vil byggja alt opp mot VM i Holmenkollen i 2016.

– Han kjem til å fokusera på å gjera ekstremt gode enkeltløp, og bruka to år på å vera best mogleg førebudd til å ta eit nytt VM-gull på heimebane.

Halvard Hanevold

NRKs skiskyttarekspert Halvard Hanevold er ikkje overraska over at Ole Einar Bjørndalen held fram.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Elskar å jobba knallhardt

Hanevold meiner utviklinga Bjørndalen har hatt med langrennsforma i år, er betryggande for å satsa i to nye år.

– Det synte han i Sotsji, at han kan koma litt som ein outsider, klinka til og ta gullet rett framfor nasen til dei me kanskje venta skulle ta det.

Den opphavlege planen til Bjørndalen var å setja punktum for ein 20 år lang karriere i verdstoppen etter verdscuprenna i Holmenkollen denne månaden. Hanevold er ikkje overraska over avgjersla om å halda fram.

– Ole Einar elskar å jobba knallhardt mot eit mål og leggja alt til rette for å klara det.

– Viss han fyrst bestemmer seg og motiverer seg for noko, er det maksimalt opplegg, legg Lunde til.

Sportsnyheter

Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

Like etter at Josef Alami ble svensk mester i taekwondo gikk han hardt ut mot landslagsledelsen i et direktesendt intervju med SVT. Det fikk alvorlige konsekvenser.

Siste nytt

  • Norsk lag tok VM-tittelen i cheerleading

    Norske Viqueens Cheerleaders kunne i natt slippe jubelen løs etter å ha blitt verdensmestre for klubblag i Orlando.

    Viqueens konkurrerte i International Open Level 7 og vant foran amerikanske GymTyme All-Stars og Gothenburg Cheer One fra Sverige.

    Det norske cheerleading-laget har lagt ut en rekke innlegg på historiefunksjonen til Instagram, der de feirer verdensmestertittelen.

  • Forlenger med storklubben – får superlønn

    Travis Kelce tar to nye år hos Superbowl-mester Kansas City Chiefs. Den amerikanske NFL-stjernen, som også er kjent som Taylor Swifts kjæreste, har signert en avtale som gir ham hele 34,3 millioner dollar, eller 378 millioner kroner etter dagens kurs. Det opplyser NFL selv på sine nettsider, ifølge danske Ritzau.

    Kelce, som er tight end, har spilt 11 sesonger i NFL. Avtalen gjør han til en av de best betalte spillerne i denne posisjonen.

    Travis Kelce
    Foto: PATRICK T. FALLON / AFP
  • Superstjerne mistet sønnen – delte hjerteskjærende innlegg

    Kameruneren Francis Ngannou har vært en stor stjerne innenfor kampsporten i lang tid. Nå mottar Ngannou støtte fra en hel idrettsverden etter at det ble kjent at han har mistet sin 18 måneder gamle sønn.

    – Jeg ropte navnet hans igjen og igjen, men han responderte ikke, skriver han i et innlegg på X.

    – Hvordan håndterer man en slik ting? Hvordan kan du leve med det? Vær så snill å hjelp meg om du har noen ideer – for jeg vet virkelig ikke hva jeg skal gjøre og hvordan jeg skal håndtere dette, fortsetter han.

    Det er foreløpig ikke kjent hva som er årsaken til sønnens bortgang.

    Ngannou er tidligere UFC-mester i tungvektsklassen. Han byttet senere til boksing. Nylig møtte han Anthony Joshua i ringen.

    Francis Ngannou
    Foto: DANIEL LEAL / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal