Hopp til innhold

Her avgjer Stefansdottir for Vipers: – Dette var ikkje bra for hjartet

VIPERS KRISTIANSAND – TERTNES 26–25 (16-11): Vipers Kristiansand var i ferd med å rote vekk sigeren mot Tertnes, men slo tilbake få sekund før slutt.

Vipers Kristiansand vant 26-25 over Tertnes onsdag kveld. Kampen ble avgjort i siste spilleminutt.

Sjå intervju med Gunnar Pettersen og Jessy Kramer.

Gunnar Pettersen, Vipers Kristiansand

Gunnar Pettersen gir instruksjonar til keeper Sakura Hauge.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg er nøgd med at vi vinn og måten vi vinn på. Då tenkjer eg på korleis vi snur det dei siste par minutta, seier Vipers-trenar Gunnar Pettersen til NRK.

Sørlendingane kom skreiv ut frå start i første omgang. Sju minutt ut i oppgjeret var laget tre mål bak hordalendingane. Men laget kjempa seg tilbake og gjekk til pause med ei solid 16–11 leiing.

– Må luke vekk feil

Alt låg dermed til rette for at Vipers skulle sikre alle poenga mot fjorårets bronsemedaljevinnar.

Men i andre omgang sleppte Vipers Tertnes inn igjen i kampen. Ti minutt før slutt utlikna blåtrøyene i Aquarama.

– Eg er ikkje nøgd med dei første 25 minutta i andre omgang. Vi gjer mange feil og dei må vi luke vekk, seier Gunnar Pettersen.

Tertnes tok over initiativet i kampen og leia med to mål med sju minutt att å spele.

Sekunddrama

To minutt før full tid utlikna Jessy Kramer for Vipers føre eit entusiastisk heimepublikum. Med 45 sekund att å spele utnytta Vipers ein Tertnes-feil og storma i angrep.

Islendingen Thorey Rosa Stefansdottir gjorde ingen feil aleine med keeper og sikra 26–25 siger.

– Eg såg Thorey gå inn og eg ville nesten ikkje sjå på. Det var så skremmande, men det var ein stor lettelse, seier Jessy Kramer.

– Dette var ikkje bra for hjartet. Men det var spennande og publikum var galne. Å vinne med eitt mål er ei fantastisk god kjensle, seier Kramer.

Vipers Kristiansand har fått ein kjempestart på sesongen. Klubben står med tre poeng på dei to første kampane etter å ha møtt to av laga som tok medalje i eliteserien i fjor. I helga spelte dei uavgjort mot Byåsen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %