Hopp til innhold

Sørlendingar med på historisk siger

Aldri tidlegare har Norge vunne Nordisk meisterskap i friidrett for U20. Det gjorde dei i helga med mange sørlendingar som henta heim medaljar.

Emilie Berge, Amalie Sæten, Karoline Daland, Even Meinseth, Ingvild Meinseth og Stella Weinberg

Emilie Berge (f.v.), Amalie Sæten, Karoline Daland, Even Meinseth, Ingvild Meinseth og Stella Weinberg var med på å vinne Nordisk meisterskap i friidrett for U20.

Foto: Arve Hatløy

– Dette var berre herleg. Denne landskampen er ein av få plassar der vi stiller som lag i friidrett. Alle kjempar for eit felles må. Då er det kjempegøy at vi lukkast, seier landslagstrenar Finn Kollstad frå Kristiansand som var med den norske troppen til finske Espoo.

Finn Kollstad

Landslagstrenar Finn Kollstad.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Sprintaren Even Meinseth frå Grimstad klinka til med 10,38 på 100 meter laurdag og vann distansen.

Dessverre var det for mykje medvind til at tida vert godkjent i offisielle statistikkar.

– Det er litt irriterande. Det var eit veldig godt teknisk løp, men eg har vore uheldig med mykje medvind i mange løp denne sesongen, seier Meinseth til NRK.

To medaljar til søster Meinseth

Det er berre Jaysuma Saidy Ndure som har sprunge raskare på 100 meter denne sesongen.

På 200 meter vart Meinseth diskvalifisert for tjuvstart. Men han var med på å ta gull på 4x100 meter stafett saman med blant andre stortalentet Karsten Warholm som tok Kongepokalen under årets senior-NM i Haugesund.

Søstra Ingvild bidrog også sterkt til norsk siger i Finland. På 100 meter sprang ho inn til 11,71 som heldt til andreplass. På 200 meter vart det 3. plass med 24,39.

Ingvild Meinseth var også med på det norske laget som vann 4x100 meter stafett.

Spyd-bronse til Mandal

Spydkastaren Stella Weinberg frå Mandal tok bronse med 48,81, medan Karoline Daland frå Grimstad vart nummer tre på 400 meter hekk med tida 59,32.

Daland var også med på det norske stafettlaget som gjekk til topps på 4x400 meter stafett.

Amalie Sæten frå Kristiansand vart nummer fem på 800 meter med tida 2.10,67.

– Vi visste at det kunne vere mogleg å vinne. Vi var ikkje rangert som det beste laget, men vi hadde stang inn, seier Kollstad.

Etter eit svakt friidretts-VM i Beijing var det ein stor opptur at juniorane lukkast, seier Kollstad.

– Dette viser at det gror godt. Dette er framtida i norsk friidrett. Vi har mange spennande utøvarar vi kan byggje vidare på, seier Kollstad.

Samanlagt Nordisk meisterskap U20, kvinner

1. Norge

188 poeng

2. Finland

186 poeng

3. Sverige

167 poeng

4. Danmark/Island

117 poeng

Samanlagt Nordisk meisterskap U20, menn

1. Norge

189,5 poeng

2. Finland

185 poeng

3. Sverige

174,5 poeng

4. Danmark/Island

97 poeng

17 år gamle Even Meinseth trenes av sin mor Sølvi Meinseth som fremdeles har norgesrekorden - 21 år etter at piggskoene ble lagt på hylla.

Sjå reportasje om familien Meinseth frå Grimstad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %