Hopp til innhold

Skrivne ut av sjukehuset etter hjernehinnebetennelse

Ein gut (13) og mora (42) er skrivne ut av sjukehus etter at dei vart alvorleg sjuke av hjernehinnebetennelse.

Rikshospitalet

Den 42 år gamle kvinna er skriven ut av Rikshospitalet etter at ho fekk påvist smittsam hjernehinnebetennelse.

Ifølgje Agderposten er kvinna skriven ut av Rikshospitalet. Ho er no flytta over til sjukehuset i Kristiansand for vidare oppfølging.

Den13 år gamle sonen er skriven ut frå sjukehuset i Kristiansand.

– Hjernehinnebetennelse er ein alvorleg tilstand, men vi tek alle gode nyheiter som eit positivt teikn. Mor har det etter forholda bra og guten går det greitt med. Eg håpar og trur at dette går rett veg, seier kommunelege i Froland, Thomas Bergquist til avisa.

Det vart slått full alarm i Froland i førre veke då dei to fekk påvist smittsam hjernehinnebetennelse. Tilfella vart oppdaga via legevakta i kommunen.

Tilstanden til kvinna vart beskrive som særs alvorleg då ho låg i koma. Kommunen gjekk breitt ut og informerte både skule og kommunetilsette om situasjonen.

Ifølgje Agderposten har det ikkje komme inn nye meldingar om at fleire er smitta.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %