Hopp til innhold

ØIF-spelarane vart hylla etter seriegullet

Serievinnarane vart tekne imot av stolte supportarar i Arendal sentrum seint onsdag kveld.

ØIF Arendal - gullfest

ØIF-spelarane vart mottekne i Arendal til stor jubel.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg er berre så stolt over å bu i Arendal og så stolt over gutane. Dei gjer jobben og står på. Det er så flott innsats at det er heilt enormt, seier ein av supportarane.

Spelarane kom tilbake til Arendal i 23-tida onsdag kveld. Der vart dei møtt med «We are the champions» frå dei frammøtte.

Berre timar tidlegare fekk rundt 1000 ØIF-supportarar sjå laget sikre eliteseriegullet i Runarhallen.

Svenn Erik Medhus

ØIF-spelarane jublar for seriegull i Runarhallen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er så stort

– Det er berre utruleg gøy at så mange møter opp på på ein onsdag kveld. Eg trur ikkje det er mange andre byar enn Arendal som hadde stilt opp slik, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.

– Ein skikkeleg handballby rett og slett?

– Det har blitt det. Folk stiller veldig opp for laget og det set vi utruleg pris på, seier han.

Kenny Ekman hadde ikkje vunne ein einaste tittel før han kom til ØIF Arendal for fire år sidan. No har han vunne to på under fire månader.

– Det er ei magisk kjensle i kroppen. Det var ein nervepirrande andre omgang. Vi reiste oss og vann kampen. To gull på ein sesong kan ikkje bli betre. Det er så stort, seier han.

Andre Jørgensen Hofstøl

Andre Jørgensen Hofstøl med gullmedaljen rundt halsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Veteranen Andre Jørgensen Hofstøl fekk ikkje spele den siste seriekampen mot Runar på grunn av skade.

Arendalitten følgde nervøst med frå sidelinja og kunne til slutt sleppe jubelen laus.

Framleis skjelven

No har han altså teke to gull med klubben han starta handballkarriera si i som 7-åring.

– Kva skal ein seie? Det er jo magisk. Eg hadde aldri venta noko slikt før sesongstart. Eg hadde kanskje håpa på eitt gull. Når vi står her med the double no er det heilt utruleg, seier han.

Tidlegare fylkesordførar i Aust-Agder og styreleiar i ØIF Arendal, Laila Øygarden, var på plass i sentrum då spelarane kom heim til gullfest.

– Eg er skjelven endå. Slik viktige kampar gjer både godt og vondt. Men når dei greier det kan du tenke deg kva kjensler som kjem, seier ho.

Svermen jublar

Supportarklubben Svermen jublar etter seriegull.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %