– Høg dollar, auka innkjøpsprisar, auka konkurranse frå internasjonale aktørar og ei momsgrense som er justert opp skapar ei bekymring, seier finansdirektør Kolbjørn Ertzeid i Netthandelen til NRK.
I dag kan du bestille varer på nett frå utlandet utan å betale moms, så lenge du held deg til grensa på 350 kroner.
I dag er det 60 tilsette på lageret på Mjåvann i Songdalen.
Netthandelen-gründer og eigar, Einar Øgrey Brandsdal, seier det vil vere trist om dei flyttar ut av landet.
- Les også: Netthandelen øker eksplosivt
– Pyton å tenke på
– Det er eigentleg pyton å tenke på å flytte lageret. Men vi konkurrerer i ein marknad der landegrense betyr lite, og mot ei rekkje store, utanlandske aktørar som opererer i Norge, seier han til Fædrelandsvennen.
Netthandelen hadde likevel eit bra resultat i fjor med eit driftsresultat på 12,6 millionar kroner.
Men auka konkurranse, spesielt dei siste åra, gjer at finansdirektøren og eigaren ser på alternativ.
– Det er tøft å konkurrere mot utanlandske aktørar når ein kunde av oss må betale full moms på vara, samstundes som ein kunde av dei slepp å betale full moms, seier Ertzeid.
Ser på moglegheitene
Netthandelen har allereie butikkar i Danmark og Sverige gjennom selskapet Cocopanda. I tillegg leiger dei lagerplass i Flensburg i Tyskland.
Men når leigeavtala på det største bygget deira på Mjåvann i Songdalen går ut om to år, kan Netthandelen flytte lageret ut av Norge.
– Det kan og tenkast at vi har delar av lagerdrifta på Mjåvann og i utlandet. Dette er noko vi vil sjå på i tida framover, seier han.