Hopp til innhold

Elevar pågripne i narko-aksjon på kristen skule

Åtte elevar ved den kristne skulen KVS-Lyngdal vart pågripne i ein narkotika-aksjon tysdag.

KVS Lyngdal

Politiet arresterte 13 personar i ein narko-aksjon i Lyngdal. Åtte av dei vart pågripne her på KVS-Lyngdal.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Totalt vart 13 personar pågripne i ein omfattande aksjon på fleire ulike stader. Åtte av desse går på den kristne skulen.

Fleire av elevane er mindreårige, og nokre av dei bur på internatet på skulen.

Ifølgje Lyngdals Avis, som først melde om saka, deltok 18 polititenestemenn i aksjonen.

– Politiet kom på skulen og pågreip nokre elevar dei ville ha inn til avhøyr, seier rektor ved skulen, Ståle Andersen til NRK.

Intervju med Ståle Andersen, rektor ved KVS-Lyngdal.

Sjå intervju med Ståle Andersen, som er rektor ved KVS-Lyngdal.

Mistanke i fleire veker

Rektoren seier skuleleiinga har hatt mistanke i seks-sju veker om at det har vore brukt narkotika på skulen.

– Vi er veldig glad for at politiet tek saka så alvorleg og får røska opp i dette. Vi har jobba hardt for eit rusfritt internat, seier han.

– Kva gjorde at de fatta mistanke?

– Vi har sett ein del personar som kom inn på internatet på skulen om kveldane, som har hatt mistenkeleg oppførsel, seier Andersen.

Gjorde beslag

Politiførstebetjent Thomas Rekvik seier til Lister24 at det vart gjort beslag i aksjonen.

– Men eg ynskjer ikkje å kommentere om dette er funne på skulen eller andre stader, seier han til avisa.

Førebels er det ikkje klart kva konsekvensar saka får for elevane som er pågripne, frå skulen si side.

– Dette er brot på skulen sitt internatreglement, men vi må ta sak for sak. Normal reaksjon for bruk av rusmiddel på skulen er utvisning frå internat, seier rektoren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %