ØIF Arendal imponerte mange då dei nærast feia Elverum av bana i første omgang.
ØIF leia 15–10 til pause mot eit lag, som mange reknar for å vere den største gullfavoritten i eliteserien.
- Les også: ØIF slo gullfavoritten
Trenaren er imponert
I andre omgang kom hedmarkingane tilbake og var på det næraste berre eitt mål bak. Men arendalittane slo tilbake og sikra to sterke poeng.
– I første omgang imponerer alt meg. Men det som imponerer meg mest er moralen og attityden i andre omgang, seier trenar Marinko Kurtovic.
ØIF Arendal fekk ein tung start på sesongen med tap borte mot Bodø. Trenaren meiner det var viktig å slå tilbake mot eit Elverum-lag på gulljakt.
– Det var alfa omega. Kampen i Bodø var ikkje akseptabel i måten vi tapte på. Samstundes veit eg at gutane har så mykje å gå på. Det viser vi mot Elverum. Vi feia Elverum ut av hallen og viser god moral når vi reiser oss raskt, seier Kurtovic.
– Det er utruleg sterkt at vi reiser oss etter tapet i Bodø. Vi presterte mange hakk betre mot Elverum enn vi gjorde mot Bodø, seier Svenn Erik Medhus.
Vil vinne alle heimekampane
ØIF Arendal har ein tøff start på sesongen med Bodø, Elverum og Fyllingen. Kaptein Eirik Heia Pedersen meiner det var særs viktig å slå Elverum på heimebane.
– Vi har kanskje den tøffaste opninga av alle. Difor var det viktig at vi fekk full pott mot Elverum før vi reiser til Bergen for å møte Fyllingen, seier han.
– Vi har sagt at vi skal vinne alle heimekampane. Dette var ein god start, smiler han.
ØIF Arendal møter Fyllingen på bortebane neste helg.