Hopp til innhold

Vil sjølv rekne på samfunnsnytten

Samferdsleministeren meiner nye reknemetodar for samfunnsnytte må brukast når ein skal avgjere trasé for E39.

Ketil Solvik Olsen

VIL REKNE SJØLV: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vil sjølv rekne på den samfunnsnyttige nytta før han tek trasévalet for framtidig E39.

Foto: Trond Vestre / NRK

Måndag kveld møtte han ordførarar og andre frå heile Nordfjord og Sunnmøre for å få innspel om E39. Men verken Statens vegvesen sine utrekningar eller regjeringa si eiga kvalitetssikring held mål opp mot kva analysar Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner må ligge til grunn.

– Vi må sjå modellane og dei føresetnadane som ligg i det. No har vi gått gjennom måten samfunnsøkonomisk nytte blir rekna på. Vi må ha lengre periodar, gjerne så lenge som 75 år, seier han.

Vil lytte til alle

Striden om E39 skal gå gjennom Eid og Gloppen eller via Stryn og Hornindal rulla vidare på Ivar Aasen Hotel i Ørsta i går. Medan indre held seg til Vegvesenet sine tal som viser størst samfunnsnytte, vil forkjemparane for midtre gjerne vise fram tala til regjeringa si eiga kvalitetsikring som viser at midtre trasé er mest nyttig.

Solvik-Olsen gav i går ingen signal om kva trasé han vil gå for. Heller ikkje om staten vil ta over kostnadane frå fylket ved å ruste opp Olden-Innvik om dei går inn for indre trasé

– Eg vil ikkje kommentere nokon konkrete problemstillingar på trasear. Eg er interessert i å høyre kva ordførarar og næringsliv har å seie. Så seint som for få dagar sidan kom det fram nye moglegheiter for å lage flytebru, og det tyder på at det kan komme informasjon som kan påverke resultatet.

– Ditt parti og Høgre lokalt har gått sterkt inn for indre trasé. Er det mogleg å trasse sterke fylkesparti?

– Det er viktige moment vi tek med oss, men vi må også sørgje for at vi får støtte i Stortinget for dei traseane vi vel. Vi skal høyre på alle, seier han og legg til at ei avgjerd vil kome i løpet av våren.

I dag er det klart for synfaring, og samferdsleministeren og følgjet hans blir teken med på ein rundtur gjennom dei to traseane.

Dette er tidsplanen for synfaringa:

  • 08.15 Buss Ørsta-Volda
  • 08.30 Ferje Volda-Folkestad
  • 08.45 Folkestad-Lote Stopp ved brukryssing Voldafjorden og Eid. Medietreff ved Lote ferjekai kl. 09.45
  • 10.00 Ferje Lote-Anda
  • 10.15 Anda-Byrkjelo Korte stopp
  • 10.50 Byrkjelo-Innvik Stopp nord for Byrkjelo, Innvik
  • 11.30 Innvik-Loen Korte stopp
  • 12.00 Hotell Alexandra Kort lunsj
  • 12.20 Loen-Grodås Mediatreff ved Svarstad (kjettingplassen) kl. 12.35
  • 13.10 Grodås-Hareid Stopp Kvivsvegen, Hjartåberga, brukryssing Ørstafjorden, brukryssing Sulesund. Medietreff ved Hareid ferjekai kl. 14.45
  • 15.00 Ferje Hareid-Sulesund
  • 15.45 Ferje Solavågen-Festøy Medietreff om bord i ferja
  • 16.10-16.55 Festøy-Ørsta Stopp brukryssing Storfjorden