Hopp til innhold

Desse tre Frparane sit med løysinga på E39-striden

ØRSTA (NRK.no): Framstegspartiet toppar laget framfor det som vil vere ein av dei viktigaste samferdsleavgjerdene Nord-Vestlandet på svært lenge. No startar statsråd og statssekretærane innspurten.

Kjetil Solvik Olsen

TOPPA LAG: F.v. statssekretærane Bård Hoksrud og Jon Georg Dale og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. Alle frå Framstegspartiet, og alle til stades under E39-møtet i Ørsta i kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I kjellaren på hotellet med det treffande namnet Ivar Aasen er no salen fylt opp med lokal- og regionalpolitikarar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Alle spente på regjeringa vil avgjere i striden om framtidige E39-trasear.

– Planleggingsmidlar må på plass. Men statsråden arva eit prosjekt som var eit munnhell, men som ikkje var finansiert. Vår bodskap til statsråden er at ein tek dette prosjektet frå A til Å. Dette er det største løftet for industrien på Vestlandet nokosinne.

Slik innleia fylkesordførar Jon Aasen (Ap) møtet som starta no klokka 20.15, og på første benk ein statsråd og ikkje mindre enn to statssekretærar frå Framstegspartiet.

Frp-statsråden og statssekretærane Bård Hoksrud og Jon Georg Dale toar ikkje hendene i møte med dei lokale vegforkjemparane. Snarare knyter dei no nevane for å gjere seg klar til at regjeringa snart skal fatte avgjerda om E39 skal gå i indre eller midtre Nordfjord.

Omreisande i forventningar

– Det er sjølvsagt spennande og det er viktige avgjersler som skal takast, og det betyr mykje for folk. Eg forstår at det er eit stort engasjement. Det er det alltid når det gjeld nye vegar og traseval. Det er ofte store forventningar og ønskje om ulike trasear, seier Bård Hoksrud diplomatisk til NRK.

Vel vitande om at lokalt har hans eige parti, med sterk støtte frå fylkes-Høgre, gått sterkt inn for å leggje E39 frå Volda via Kvivsvegen og bru over Nordfjorden. Den såkalla indre linja.

Spennande dag for E39-vegval. Følg møtet direkte i nett-TV.

SJÅ DIREKTE: Spennande dag for E39-vegval. Følg møtet direkte i nett-TV frå klokka 20.15. Illustrasjonen syner eitt av fleire alternativ for korleis LMG Marin ser for seg ei flytebru over Nordfjorden kan sjå ut.

Toppa Frp-lag på plass

Jon Georg Dale er også statssekretær i samferdsledepartementet, men like sikkert som det er at han er frå Volda, nærare bestemt Dalsfjorden. Heller ikkje han vil flagge kva han står for no etter at han blei ein del av den nye regjeringa.

– Mange av oss har meint at det burde vore teke ei avgjersle tidlegare. Men sidan det har gått såpass lang tid no, så gjev vi moglegheit til å kome med oppdatert informasjon før regjeringa tek ei avgjerd, seier Dale.

Ulasteleg kledd i pen dress og skarpe, brune skinnsko skal han møte alle dei som meiner noko offisielt om E39 måndag kveld. Kvar av meiningsbærarane har fått fem minutt kvar til å leggje fram sitt syn for statsråd Ketil Solvik-Olsen.

– Eg vonar at ein ser at denne regjeringa verkeleg tek dette på alvor. Vi har med statsråden, vi har med fleire statssekretærar, nettopp fordi vi skal gjere eit godt og grundig arbeid, seier Bård Hoksrud.

Bård Hoksrud og Jan Georg Dale

KNYTER NEVANE: Statssekretærane Bård Hoksrud (t.v.) og Jon Georg Dale gjer seg klar til siste innspurt i striden om kvar E39 skal gå i Nordfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

No skal dei lytte

Ute i Ørsta-natta køyrer folk forbi i vinterkulden. Inne i møtesalen på Hotell Ivar Aasen er den politiske temperaturen høgare enn snittet.

Tidlegare i kveld har dei to statssekretærane møte sine Frp-kollegaer frå Ørsta og Volda. No er dei i elden saman med sjefen framfor ein særs lydhøyr forsamling, vel vitande om at nokre av tilhøyrarane til slutt vil bli skuffa. Anten regjeringa vel indre- eller midtre løysing for E39.

– Våre parti har vore tydeleg på indre linje, men vi er her no for å lytte til begge syna og få alle innspela. Dette er ei avgjerd som vil ha betydning i mange år framover, difor er det viktig å gjere ein skikkeleg grunnjobb, meiner Hoksrud og Dale.