Hopp til innhold

Hevdar forrige regjering synte forakt ved å ikkje avgjere E39-traseane

ØRSTA (NRK.no): Den raud-grøne regjeringa synte forakt for lokaldemokratiet ved å ikkje ta ei E39-avgjersle, meiner fylkesordføraren i Møre og Romsdal.

Jon Aasen og Åshild Kjelsnes

TEK HARDT I: Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, meiner at den forrige regjeringa synte forakt for lokaldemokratiet. Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, forventar ei rask avgjerd.

Foto: NRK

Den røynde Ap-politikaren er ikkje nådig i sin kritikk av den forrige regjeringa, og i alle fall ikkje Senterpartiet si rolle i høve det å få ei avgjerd om kvar E39 skal gå frå Ålesund til Skei.

– Arbeidarpartiet og Senterpartiet blei ikkje samde, og Senterpartiet nekta ei stegvis definering av traseane. Dermed blei ikkje forrige regjering samde. Sjølv om Arbeidarpartiet nok var veldig klar for å ta ei avgjerd, meiner Aasen, som har fått kritikk for å meine for mykje om tilhøva i nabofylket i sør.

– Meir enn frustrerande

Men han let seg på ingen måte målbinde, og i samband med det store E39-møtet i Ørsta måndag kveld var han klar på at den nye regjeringa må fatte ei snarleg avgjerd. Noko den forrige regjeringa ikkje makta.

– I forhold til lokaldemokratiet så er det meir enn frustrerande. Vi har faste krav til å fatte vedtak og tilrådingar innan ein tidsfrist, så gjer vi det sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å få til. Så gjer vi det, fordi staten krev det. Men når staten då skal bruke opplysningane som vi har sendt frå oss, då går vinter og vår. Det er klart at det gir ei forakt for det vi gjer, sler Aasen fast.

– Vil ikkje vere avgjerande

Under møtet i Ørsta fekk Aasen og dei andre lokal- og regionpolitikarane presentere sitt syn for samferdslestatsråd Kjetil Solvik Olsen og hans våpendragarar, statssekretærane Bård Hoksrud og Jon Georg Dale.

Solvik Olsen lovar at det vil kome ei rask avgjerd om kva trasear som skal velgast for E39 i dei to vestlandsfylka. Etter det NRK kjenner til er det sterke krefter i begge regjeringspartia som kjempar vidare for den såkall indre linja gjennom Nordfjord. Men Solvik Olsen vil ikkje vere med på at avgjersla i realiteten er fatta.

– Vi er klar over dei tilrådingane som er kome inn og det vil sjølvsagt vege tungt. Men det vil ikkje vere avgjerande for den avgjerda vi skal ta. Vi ønskjer å høyre på alle sine synspunkt. Vi veit og at det kjem nye synspunkt på kva som er mogleg reint teknologisk og at det påverkar kostnader. Når vi tek avgjerda, så må vi vere så oppdatert som mogleg, seier Solvik Olsen.

Kjetil Solvik Olsen

BLID SOM EI SOL: Samferdsleminister Kjetil Solvik Olsen var eit naturleg midtpunkt under E39-møtet i Ørsta måndag kveld. T.h. redaktør i avisa Fjordingen, Bengt Flaten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Lovar handlekraft frå regjeringa

– De har kalla inn til fylkesordførane inn til eit møte i slutten av februar. Vil de sleppe avgjersla då?

– Når vi skal informere om det, så vil nok det skje i eit anna fora, seier Solvik Olsen med eit lurt smil.

Han vil ikkje kommentere Jon Aasen sin påstand om at det var forakt for lokaldemokratiet at den forrige regjeringa ikkje ville fatte eit vedtak.

– Eg vil ikkje kommentere forrige forrige regjering, men eg er oppteken av at denne regjeringa skal vere handlekraftig og fatte avgjersler raskt. Vi veit at når det er så mange trasear ein skal velge blant, så er det beslutningar lokalt som er vanskelege å ta.

– Kan ikkje miste tempo

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) i Sogn og Fjordane vil heller ikkje vere med nokon sterk kritikk av den raudgrøne regjeringa.

– Eg vil seie at dette har spesielt i Sogn og Fjordane har skapt mykje engasjement og vore vanskeleg. Men eg har oppfatta det slik at vi fram til no ikkje har tapt noko særleg tid utfrå kva som er gryteklart og ikkje. Men frå no av kan vi ikkje miste tempo. Eg synes det er bra at den nye regjeringa no kjem hit og ser dette med sjølvsyn, og bestemmer seg fort, seier Kjelsnes.

– Så raskt som mogleg

Statsråd Solvik Olsen er samd, og lovar på vegner av regjeringa at når dei har fatta ei avgjerd, så skal arbeidet med detaljplanlegging kome raskt i gang, og det gjeld E39-traseane i begge fylka.

– Vi har lyst å få dette prosjektet opp og gå så raskt som mogleg. Vi snakkar framleis i ein 20-årshorisont, men det fort gå lang tid om vi skal sitje og ruge på avgjerslene sentralt.