Hopp til innhold

Verdsstjerna tykte det var ekkelt – heilt til ho fekk denne lyren om bord

Ståle Jan Frøynes gløymer nok aldri fisketuren med Inger Miller.

Inger Miller og Ståle Jan Frøynes med kvar sin lyr i hendene

KJENT BILETE: Inger Miller og Ståle Jan Frøynes med kvar sin lyr på fisketuren etter stemnet i Florø i 2004. Fisketur blir det også etter stemnet på laurdag.

Foto: Rune Osa

– Det var heilt fantastisk, og eg må innrømme at ho slo meg på målstreken der, ler Ståle Jan Frøynes.

Han er elitekoordinator for Florø friidrettsfestival, og har fått verdsstjerner som Merlene Ottey, Frankie Fredericks og Lars Riedel til å konkurrere i kystbyen.

I 2004 var Inger Miller ein av verdas aller beste på 100-meter. Ho tok VM-gull så seint som i 1999, og var eitt av trekkplastera i Florø.

– Biletet av Miller gjekk verda rundt, seier Frøynes nøgd.

Først tykte ho det var ekkelt, men så...

Fisketuren etter stemnet har etablert seg som Florø sitt svar på jordbærpartyet til Bislett Games. Ifølgje arrangøren er den framleis ein viktig faktor for å få topputøvarar til festivalen.

Frøynes gløymer aldri opplevinga med Miller, der dei fekk kvar sin lyr på stong.

– Det byrja med at ho tykte det var ekkelt. Då vi ville ta bilete av ho saman med ein fisk, sa ho berre «æsj». Men så fekk ho fisk sjølv, og då var alt gløymt, seier han og held fram:

– Ho tok tak med begge hendene og viste fram lyren – då var ho brått blitt ein fiskeentusiast, ler elitekoordinatoren.

Inger Miller med stor lyr

NØGD VERDSSTJERNE: Inger Miller ville først ikkje bli fotografert med fisk – men pipa fekk ein annan lyd då ho sjølv fekk fangst.

Foto: Rune Osa

Meiner det er lov å håpe på rekordar

I år er dei norske sprintarane Jaysuma Saidy Ndure og Ezinne Okparaebo dei største kanonane som er klare for friidrettsfestivalen .

– Det er stort for oss at dei legg sesongopninga på norsk jord til Florø. Dei har faktisk reist til Florø for å lade opp best mogleg, seier Frøynes.

Vêrmeldingane er ikkje dei beste med tanke på sprintøvingane, med regn og noko vind. elitekoordinatoren har likevel håp om rekordløp.

– Det er lov å håpe. Jays klinte til med to løp under ti blank i fjor, og begge to har vist fin stigning i det siste. Eg trur dei er klare for store tider, seier han.

Tysdag kveld blei det klart at også tidlegare OL-sølv-vinnar Francis Obikwelu kjem til Florø for å matche Jaysuma på 100 meteren!

Lars Riedel med fiskestanga i båt utanfor Florø

NØGD FISKAR: Lars Riedel er ein av tidenes beste diskoskastarar med fem VM-gull. Han gliste breitt då han fekk fiskestonga i hendene på båtturen.

Foto: Rune OSa

Mange norske talent på startstrek

Florø har som strategi å byggje opp stemnet rundt dei beste norske utøvarane. Laurdag skal stortalentet Karsten Warholm (19) og Florøs eigen Øyvind Strømmen Kjerpeset (23) vise seg fram for alvor denne sesongen.

Begge har norgesrekordar innan rekkevidde.

I tillegg stiller også dei norske medaljevinnarane frå junior-VM, Nadia Akpana Assa og Sven Martin Skagestad til start. Og i slegge har Eivind Henriksen ambisjonar om å klare VM-kravet. Arrangøren jobbar samstundes vidare med nokre fleire toppnamn.