Hopp til innhold

OL-sølv-vinnar kjem til Florø for å matche «Jays»

To gonger europameister og OL-sølv-vinnar Francis Obikwelu, takka tysdag kveld ja til å kome til Florø for å matche Jaysuma Saidy Ndure på 100 meter komande laurdag.

SWITZERLAND ATHLETICS OBIKWELU

SOLID MOTSTAND: Francis Obikwelu har ei bestetid langt under 10 sekund, og det blir dermed solid motstand for 'Jays'.

Foto: Laurent Gillieron / Ap

Obikwelu, som er portugisisk statsborgar, blei i 2006 den første til å vinne gull i begge sprintdistansane i eit europameisterskap sidan 1978. Han tok OL-sølv i Athen i 2004 med tida 9,86.

– Det er naturlegvis det store namnet som vi klarte å få på plass, om ikkje i 12. time, så i alle fall i 10. time. Først og fremst så blir sesongdebuten til Jaysuma Saidy Ndure enda meir interessant. Vi får fått ein som matchar han 100 prosent, seier koordinator for elitestemnet i Florø, Ståle Jan Frøynes, til NRK.

Francis Obikwelu har vore skada dei to siste sesongane, og Frøynes tykkjer det er ekstra stas at han vel gjere comeback-løpet sitt i kystbyen.

– Han fekk jo vite at «Jays», som han kjenner godt frå før, skulle springe. Då blei han veldig interessert i å springe i Florø, fordi det då var kvalifisert motstand i det aller første løpet, opplyser Ståle Jan Frøynes.

– Kva har duellen mellom «Jays» og Obikwelu å seie for stemnet?

– Det er liksom prikken over i´en dette. Vi har jo eit fantastisk program med nær alle dei beste norske på plass i dei ulike øvingane. Jaysuma har jo vore så suveren i Florø, og det har vore vanskeleg å finne nokon som matchar han.

jays

KLAR FOR FLORØ: Jaysuma Saidy Ndure møter solid motstand denne gongen.

Foto: Ã…serud, Lise / NTB scanpix