Hopp til innhold

Vart ikkje orientert om ministerbesøk

Verken leiaren i Stamvegutvalet eller Sp-ordførarane i Gloppen og Jølster er invitert til å møte Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) under besøket i dag.

Anders Ryssdal og Åshild Kjelsnes

RYKTE: Sp-ordførar Anders Ryssdal (t.v.) har berre høyrt rykte om statsrådsbesøket i Gloppen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Den er lik null. Ryktet er at han kjem, seier ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen om informasjonen han har fått om dagens statsrådsbesøk i fylket.

For samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen køyrer heile E39, frå nord til sør. I dag er turen komen til trivselsfylket. Med seg på lasset har statsråden fagfolk frå Statens vegvesen og anna politisk leiing.

Stoggar på Skei

På ferjesambandet Lote – Anda er Høgre sine ordførarkandidatar i Eid og Gloppen invitert.

Oddmund Klakegg

UKJENT: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster er ikkje kjend med møtet som i dag finn stad berre eit steinkast frå kontoret hans.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Og når følgjet stoggar på Skei i Jølster, set ordførar Oddmund Klakegg (Sp) berre eit steinkast unna når høgreordførarane Olve Grotle (Førde) og Sven Flo (Stryn) skal informere om E39.

– Når vi ikkje har fått noko offisiell beskjed eller varsel om besøket, kjem eg ikkje til å gjere noko som helst. Men eg er glad han køyrer igjennom, seier Klakegg.

Kutyme

– Vi er opptekne av vegar i Jølster, og her er store utbyggingsprosjekt og framleis store uløyste oppgåver på dei mest trafikkerte vegane på Nordvestlandet, legg han til.

Han er likevel forundra over å ikkje vere orientert om sommarturneen til Solvik-Olsen. Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå statsråden

– Av det eg har lært om kutyme, så er det vanleg praksis at ein ordførar i det minste blir orientert om det når ein minister og representant frå regjeringa kjem til ein kommune, seier Klakegg.

Valkamparrangement?

Jenny Følling

NØGD, MEN: Som dei to ordførarane understrekar Jenny Følling at det er bra at statsråden vitjar fylket.–Når han også har med seg fagfolk frå departementet, så meiner vi det var høgst på sin plass å få beskjed om det, seier ho.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordførarane er ikkje åleine i si skjebne. Heller ikkje Jenny Følling (Sp), leiar av stamvegutvalet for E39, er invitert.

– Eg tykkjer det er underleg praksis når statsråden ikkje vil snakke med øvre politiske leiing når han reiser langs E39, seier Følling.

– Kva trur du årsakene kan vere?

– Det veit eg ikkje. Det kan bere preg av eit valkamparrangement for Frp, men det er verkeleg statsråden som er ute og reiser med sitt apparat. Då bør ein følgje den kutyme det er å invitere øvste politiske leiing og dei som har jobba mykje med E39.

– Fekk invitasjon

Utpå onsdagen har departementet framleis ikkje lete høyre frå seg, men i staden har Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet kome på bana for å svare på kritikken. I ein e-post til NRK skriv han følgjande:

«Det har i lenger tid låge ute pressemelding på departementet sine heimesider om statsråden sitt besøk, og ein invitasjon om å komme med innspel eller be om møte på turen. Ingen av dei kanskje 100 kommunane E39 går igjennom har aktivt blitt kontakta av departementet. Dei fleste burde sjå at ein ikkje kan stoppe og ha offisielle besøk i alle dei kommunane på ein 3-dagars tur.

Sogn og Fjordane FrP og Sogn og Fjordane Høgre ba om å få eit møte med statsråden på Skei Hotell, noko vi og fekk. Det betyr at møtet på Skei er eit partiarrangement i regi av FrP og Høgre, ikkje i regi av departementet.

Eg informerte Jenny Følling og Anders Ryssdal om dette i forrige veke, og spurte om dei ynskja å delta på møtet. Følling prøvde då å flytte dagens møte i FU til Skei for å kunne delta, men av praktiske årsaker var det ikkje muleg.

Årsaka til at dei ikkje fekk skriftleg invitasjon før i går, var at detaljprogrammet for partiarrangementet på Skei ikkje var klart før. Det er eg, frå Sogn og Fjordane FrP, og Arve Mjømen frå Høgre som har hatt ansvar for arrangementet på Skei, og difor fekk dei invitasjonen frå meg.»

Etter at NRK byrja å jobbe med saka fekk også Jølster-ordførar Oddmund Klakegg invitasjon tysdag ettermiddag. Han var til stades på møte med statsråden på Skei.