Hopp til innhold

Tok NM-medalje nummer tretti (!)

Det er tjue år sidan Elin Isane (40) frå Gloppen tok sin første NM-medalje. I helga nådde ho ein imponerande milestolpe.

Elin Isane i kule

MEDALJEGROSSIST: Elin Isane (40) held fram med å prestere, tjue år etter at ho tok sin første medalje i eit NM. Her frå NM på Jessheim i fjor.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med bronse i kule og sølv i diskos under NM i Haugesund i helga passerte Elin Isane tretti NM-medaljar totalt i løpet av karrieren.

– Eg hadde aldri trudd at det skulle vere mogleg å halde på så lenge og sanke så mange medaljar. Men det har jo gått, seier ho.

Takkar den «avanserte husmortrimmen»

Det er ti år sidan ho satsa for fullt. Sidan 2005 har familielivet teke mykje av tida. Men Isane har heldt fram å sanke medaljar.

Det takkar ho sin «avanserte husmortrim» for: jogging, sykling, ski og vekter.

– Eg har stor glede av å vere i fysisk aktivitet og i bra form. Då har eg heile tida eit godt grunnlag. Eg har kasta i alle år, så teknikken den sit, det kjem overraskande fort tilbake. Difor går det an, seier ho.

Kun to månader før NM byrjar ho å trene spesifikt på kastøvingane ho skal delta i. Det vil seie viss kroppen tillèt det.

– Eg merkar at det kostar meir enn før. Men det har gått dei siste åra, seier Isane.

Blir framleis glad for kvar medalje

Oppskrifta verkar å fungere. Bronsen i kule kom etter eit bestekast på 12,60 meter, ti centimeter frå sølv. Sølvet fekk ho får eit diskoskast på 49,09 meter. Det var litt over ein meter bak gullvinnar Grete Etholm frå Tjalve.

Medalje nummer 29 og 30 kom nøyaktig tjue år etter den første. Då tok ho sølv i diskos under NM på Lillehammer. Gullvinnaren la opp for femten år sidan.

Sjølv om det etter kvart har blitt ein vane å sanke medaljar, er det ikkje slik at ein etter kvart blir likeglad.

– Det er ikkje nokon sjølvfølge at eg skal ta desse medaljane. Eg skal prestere, så eg blir jo glad, seie Isane.