Hopp til innhold

Til saman har dei åtte gutungar - og satsar på NM: «Det er klart det er hektisk!»

JESSHEIM (NRK.no): Sjå for deg at du skal trene og førebu deg til NM med full jobb, samstundes som du har seks aktive gutungar. Else Lundestad Bakkelid veit alt om korleis det er.

Elin Isane (t.v.) og Else Lundestad Bakkelid

HEKTISKE MØDRE: Elin Isane (t.v.) og Else Lundestad Bakkelid har hendene fulle om dagen, med fulle jobbar og familieliv. Her er dei i diskosringen, klare for innsats i NM friidrett.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Mannen min seier at Else er verdas tøffaste dame. Det er ikkje utan grunn, seier Elin Isane (39).

Ho er for n'te gong med i NM i friidrett, der ho står med totalt 26 medaljar i kastøvingane. Denne gongen har ho også med seg Else Lundestad Bakkelid (38) i diskos.

Sistnemnde var sist med i NM i 2004. Ho var også aktiv på midten av 1990-talet, då ho mellom anna fekk med seg ein bronse frå junior-NM.

– Eg har jo ikkje hatt tid til dette. No har eg fått seks gutar. Det er klart det er hektisk, smiler Bakkelid.

Held fram på grunn av det sosiale

Dei to glopparane er definitivt blant dei mest rutinerte utøvarane under årets NM i friidrett for seniorar. Isane er dessutan blant dei store medaljefavorittane i diskos og kule.

Bakkelid er nøgd med å endeleg få gjere comeback i meisterskapen. Ho har ikkje konkurrert på ti år. Forklaringa ligg heime: Der har ho seks gutar i alderen to til 15 år.

– Det har blitt litt av og på, alt ettersom korleis det har passa med familien. Men no har dei to eldste byrja å trene litt, og då har det blitt rom for meg å bli med igjen, seier ho.

– Og så er det så utruleg godt miljø i Gloppen, legg ho til.

– Ja, det er nok grunnen til at det er nye talent på veg opp også. Det er lett å trivast og dermed prestere. Eg hadde nok ikkje stått her som 39-åring om vi ikkje hadde hatt det så kjekt, seier Elin Isane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elin Isane kasta seg til sølv i diskos under NM i Tønsberg 2013

SLV: Elin Isane sikra seg nok eit sølv i kule under NM i Tønsberg i fjor.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Kastar for medalje - nok ein gong

Sterke løparar som Øyvind Strømmen Kjerpeset og Marius Vedvik er i spissen for dei 19 utøvarane frå Sogn og Fjordane under årets NM (sjå faktaboks til høgre).

Men det er utan tvil småbarnsmamma Elin Isane som har mest å slå i bordet med. Sjekk merittlista med heile 26 medaljar:

  • 18 medaljar i diskos
  • 8 medaljar i kule
  • NM-gull i kule (1997)

– Eg trudde eg var ferdig for nokre år sidan, men så har det blitt til at eg har halde fram. Kvar vår blir eg utfordra til å bli med igjen, og då har eg gjort det, ler ho.

To gutungar på seks og sju år krev sitt på heimebane. Difor er det travelt å få tid til trening og konkurransar i tillegg til jobb. Denne sesongen har det blitt sju konkurransar - med framgang i alle - og berre åtte treningar.

Likevel:

– Målet er medalje. Det er kjekkast når ein kan prestere slik at ein er med og kjempar om medaljane, seier Isane.

– Det er ikkje bra for norsk friidrett

Både Isane og Bakkelid er kastarar. Fredag kveld skal dei i aksjon i diskos. Isane skal også delta i kule seinare i meisterskapen.

– Kva seier det om nivået når to som nærmar seg 40 kan hevde seg i NM?

– Vi er ikkje veldig gode på diskos og kule i Norge om dagen. Det er altfor dårleg rekruttering i dei øvingane, og det synest eg er leitt, seier Isane.

– Eg ser at resultata no ligg på om lag det samme nivået som då eg var med sist, poengterer Bakkelid.

– Samstundes er det ikkje berre berre å komme opp i lengder på over 50 meter. Grethe Etholm og eg har gjort det over mange år, og veit alt om det. Men det er jo ikkje bra for norsk friidrett, seier Isane.

– Men no er det litt på gang blant dei yngre. Frå 17-åringane og oppover til junior er det folk på gang i litt ulike øvingar, seier Bakkelid.