Etter å ha vore vekke frå idrettsbanen i fleire år, er Elin Isane tilbake i tetsjiktet. Diskos-øvinga i dag var den einaste konkurransen ho deltok i under NM i friidrett på Sandnes.
Glopparen var i mange år med i norgestoppen i diskos og kulestøt og har 24 NM-medaljar.
I dag kasta 36-åringen 46,64 meter som det lengste kastet sitt, sju meter bak vinnaren Grete Ethom Snyder frå Tjalve.
Ny personleg rekord
Dei to andre glopparane som var med hamna lenger nede på resultatlista. Marte Rygg Årdal tok 9. plassen med 36,86 meter. Dette er ny personleg rekord frå gloppejenta.
– Ho forbetra seg med omlag ein halvmeter, seier trenar Jørund Årdal.
– Bomma totalt
For Trude Raad gjekk det svært dårleg i dag. Ho var ein av favorittane, men nådde ikkje finaleomgangane. Med eit kast på 36,78 meter enda ho på 10. plass.
– Dette er 10-12 meter kortare enn det ho pleier å kaste. Det vart total miss for ho, seier trenaren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: