Hopp til innhold

Har trent tre gonger - men veteranen heldt hovudet kaldt og sikra sølvet

For 20 år sidan deltok ei ung og lovande Elin Isane i diskosringen under NM i Tønsberg. Denne helga var ho tilbake og henta heim sølvet i same øvinga.

Elin Isane kasta seg til sølv i diskos under NM i Tønsberg 2013

VETERAN: Elin Isane er ein veteran i diskosringen og sikra seg sølvet då NM-øvinga gjekk av stabelen fredag kveld.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Ho må le litt og vedgår at ho ikkje hugsar heilt korleis det gjekk den gongen ho som 18-åring deltok i diskos på NM i Tønsberg. Uansett, etter 21 seniormeisterskap har ho sanka til saman 26 medaljar i kule og diskos.

Ei av medaljane henta 38-åringen heim då ho fredag kveld sikra seg sølv i diskos med eit kast på 50.00.

– Ein føler seg gamal, og eg er blant dei eldste. Men så lenge ein kan hevde seg, så er det kjekt å vere med, smiler Isane.

– Det er sosialt, og konkurranseinstinktet vil alltid vere der.

Trude Raad, også ho frå Gloppen Friidrettslag, tok bronsen med eit kast på 48,70.

– Eg har hatt tre økter

38-åringen må kunne seiast å vere ein ringrev i gamet, og legg ikkje skjul på at så mange år i ringen er ein fordel under konkurransane.

– Det er heilt klinkande klart at rutinen hjelper meg mykje på stemne. Eg har ikkje same fysikken som eg hadde då eg satsa, men det å ha litt rutine er heilt klart til hjelp, seier ho.

Men rutine betyr ikkje alt, styrken må også vere der skal ein hevde seg i noregstoppen i diskos. Likevel vedgår Isane at treningsinnsatsen ho har lagt ned på førehand ikkje står i stil med resultatet.

– Eg har hatt tre økter med diskos no før NM, men eg held meg i fysisk form med basistrening, løp og sykling og slike ting til vanleg, seier ho.

– Tre treningar og så klinka du til med sølv?

– Ja, det er heilt utruleg. Så det står ikkje i stil med treningsinnsatsen, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elin Isane

MANGE MEISTERSKAP: Elin Isane har til saman teke 26 NM-medaljar i diskos og kule opp gjennom åra. Biletet er frå eit tidlegare meisterskap.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg fekk til det tekniske

At ho greidde halde nervane i sjakk trur ho vart viktig.

– Eg har mange kast i kroppen og teknikken sit, og ved å halde seg i litt fysisk form kan ein gjere det bra om ein held hovudet kaldt. Og det gjorde eg, seier ho.

– Det var ein veldig artig konkurranse. Eg kjente eg hadde kontroll, var ikkje nervøs og greidde auke litt og litt. Eg fekk til det tekniske og det kjendest veldig bra, seier Isane til NRK.no.

«Heldigvis» langt unna pers

På sitt beste har ho kasta 55,95 då ho satsa som utøvar. At ho ikkje var i nærleiken av det skuffar ho ikkje.

– Det ville vere for gale å ikkje trene og så greie personleg beste. Då lurer eg på kva eg har drive med som aktiv, ler ho.

Isane konkurrer for Gloppen Friidrettslag, men bur til dagleg i Asker. Der driv ho sitt eige treningsfirma i tillegg til ein jobb i kommunen. Å kaste opp mot personleg rekord igjen trur ho blir vanskeleg. Til det krevst det meir trening, både på teknikk og fysikk.

– Det krev litt å kome tilbake dit, og med ein travel kvardag med familie og jobb som skal henge i hop, så er det ikkje så lett. Og det blir nesten litt for egoistisk, seier ho.

Klar for nytt NM neste år

Likevel er ho klar på at ho blir å sjå på NM igjen.

– Eg har ofte tenkt at eg ikkje skal meir, men når eg ser at det går an, så slenger eg med meg.

– Så du blir å sjå på NM neste år?

– Ja. Det har eg allereie avtalt med klubben og med Grete (Etholm, red. anm) som tok gullet. Vi er eit tospann som har heldt saman i alle år, så vi må halde ut litt til, seier Isane.