- Me snakka om midbana som "gullrekka", når eg ser på spissane er eg neiggu ikkje sikker lenger. Her har me spelarar i verdsklasse. Folk som har landslagsspel, vm-sluttspel og europacupfinalar. Det blir ikkje greitt å velja ut berre to av desse, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.

Laget til no:

Kandidatane:

Svein Bakke (1971-73, 76-85, 87-88) 309 kampar/161 mål. - I forhold til oss andre var det som han kom frå ein annan planet. Ingen var i nærleiken av Svein, seier Navarsete.

Rolf Navarsete (1969-77) 166/43. Rask, hardtarbeidande målsnik.

Jermund Skartun (1976-88) 230/71. Uhyggeleg rask. Gjekk alltid rett på mål.

Lasse Opseth (1980-83, 85-91) 266/125. Notorisk målskårar med ei skotfinte Terje Kojedal og Åge Hareide framleis snakkar om.

Trond Fylling (1984-87, 89-93) 145/39. Uortodoks og smart. Gjorde det uventa.

Jostein Flo (1991-93) 54/33. Uslåeleg i lufta.

Tore André Flo (1993-94) 50/29. - Om nokon lurer var det han eg tenkte på då eg nevte verdsklasse, seier Navarsete.

Håvard Flo (1991-94, 2001-2008, 2010) 320/112. Svært sterk inne målfeltet. Både i lufta og langs bakken.

Kurt Mørkøre (1999-2001) 42/30. Skåra 20 mål på ein sesong i 2000. Det har ingen Sogndal-spelar gjort etter han.

Espen Olsen (2008-11) 77/19. Toppskårar i fjor. God til å utnytte feil.

Ulrik Flo (2007-11) 60/12. Ventar framleis på det store gjennombrotet, men har mykje i seg.

Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Dei to som får flest stemmer vil få plass på tidenes Sogndal-lag som skal kårast fram mot seriestart i Eliteserien 20. mars.

Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 14.3 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes trenar kårast.