Hopp til innhold

Han er tidenes venstrekant

Tommy Øren var ei barnestjerne og kom til Sogndal som 17-åring i 1998. No er han kåra til tidenes venstrekant.

Tommy Øren matchvinnar mot Fredrikstad

TIDENES VENSTREKANT: Tommy Øren er kåra til tidenes venstrekant.

Foto: Tor Yttri

Øren hadde ein fantastisk sesong i 2000 då Sogndal Fotball rykte opp, og skåra det avgjerande målet mot Vålerenga på Ullevål. I dag vart han kåra til tidenes venstrekant, og får dermed plass på tidenes Sogndal-lag:

– Det er heilt fantastisk. Spesielt når det er folket som bestemmer, seier Øren.

Litt historie

Øren vart stygt skadd i den første eliteseriekampen han spelte i 2001, og var ute med knekt fot nesten heile sesongen. Han kom tilbake på bana, men vart skadd igjen.

Han hadde ein bra sesong i 2003, men fekk det ikkje heilt til i 2004 og 2005. Øren gjekk til HamKam, og seier sjølv at det ikkje vart ein suksess. Han kom aldri i sin rett i klubben og kom difor tilbake til Sogndal i 2010.

Men tilbake i Sogndal fekk han liten tillit og sleit benken nesten heile året. Men i den avgjerande kampen mot Fredrikstad var han tilbake og putte 2-0-målet som avgjorde heile kampen. Han la likevel opp etter sesongen på grunn av manglande tillit.

Set stor pris på kåringa

I dag jobbar Øren som assistent i barneskulen i Sogndal. Han er glad for at han er kåra til tidenes venstrekant:

– Det set eg veldig stor pris på. Det viser at eg i alle fall har gjort noko riktig, seier han.

TIDENES SOGNAL-LAG (4-4-2): Terje Skjeldestad, Petter Melchior, Asle Hillestad og Arild Førde, Gunnar Sigmar Håre, Knut Christiansen, Rune Buer Johansen, Atle Torvanger, Tommy Øren.