Hopp til innhold

Du skal kåre tidenes Sogndal-lag

Om Sogndal kunne sett saman eit lag av dei beste spelarane i kvar posisjon som klubben nokon gong har hatt, kven ville vore dei 11 utvalde? Det må du hjelpe oss å finne ut av.

Sogndal på Ullevaal i 1976

KANDIDATAR: Dei 11 som spelte cupfinale for Sogndal i 1976 er alle kandidatar til tidenes Sogndal-lag.

Svein Bakke, cupfinalen 1976

MÅ MED: Eller må han det? Svein Bakke anno 1976.

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Måndag 17. januar startar NRK Sogn og Fjordane kåringa av tidenes Sogndal-lag. Kvar måndag blir kandidatane til ein bestemt posisjon lagt ut, slik at du kan stemme på kven du meiner bør få æra av å vere med på dette laget.

- Dette er ein slik ting som spelarane sjølve latar som dei ikkje bryr seg om, men det kan eg skriva under på at dei gjer, gliser Jon Navarsete.

Sogndal-kjennaren blir sjølv ein av kandidatane til midtstopparplassane på tidenes lag og skal vere med å presentere kandidatane på radio kvar måndagsmorgon.

Avstemminga vil skje her, på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Vanskelege val

Ikke lett å skubbe bort Jostein Flo

JOSTEIN FLO: Her i kamp med Paolo Maldini. Kjem du utanom han?

Foto: Jon Eeg / Scanpix

Er Frode Grodås sjølvskriven i mål? Kva så med Terje Skjeldestad, Piotr Leciejewski og Leon Hovland? Svein Bakke, Jostein Flo, Tore André Flo, Håvard Flo og Lasse Opseth er sterke kandidatar til spissplassane, men berre to av dei får plass.
Og kva med den sentrale midtbana? Rhonny Nilsson, Rune Buer Johansen eller Eirik Bakke må vike. For ikkje å snakke om Anders og Ingvar Stadheim, Stig Nord, Rhonny Nilsson eller Rune Bolseth.

- Dette er nesten umogleg. Alle desse her burde jo vere med. Heldigvis er det folket og ikkje eg som skal velja ut laget, seier Jon Navarsete.

4-4-2-formasjon

Frode Grodås i aksjon for Norge

FRODE GRODÅS: Sogndal er kjende for gode keeperar.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Vi set opp laget i ein 4-4-2-formasjon, og nettavsemminga vil gå frå måndag føremiddag til midnatt søndag. Når ein spelar er kåra til ein posisjon går vi vidare til neste.
Enkelte spelarar har spelt mange ulike posisjonar, men dei blir berre nominert på ein plass. Så sjølv om til dømes Knut Christiansen spelte i nesten alle posisjonar på bana, blir han eventuelt høgre midtbanespelar på dette laget.


- Spesielt før i tida spelte jo folk på mange ulike posisjonar, men me har valt ut ein posisjon til kvar spelar, seier Navarsete.

Tidenes trenar

Gjennom ni avstemningar skal vi kåre keeper, venstreback, høgreback, to midtstopparar, venstre midtbane, høgre midtbane, to spissar og ikkje minst tidenes trenar.

11 mann pluss trenar vil vere klare fredag 18. mars, to dagar før eliteserien 2011 startar med Sogndal på bortebane mot Strømsgodset.