Hopp til innhold

Dei vart tidenes midtbanespelarar

Dei utgjorde den sentrale midtbana til Sogndal i 1995. No er Atle Torvanger og Rune Buer Johansen kåra til tidenes midtbanespelarar på Sogndal.

Rune Buer Johansen og Atle Torvanger

TIDENES: Rune Buer Johansen (t.v.) og Atle Torvanger (t.h.) er kåra til tidenes midtbanespelarar i Sogndal.

Foto: Fotomontasje

Atle Torvanger frå Bremanger fekk 34 prosent av røystene, medan Rune Buer Johansen frå Rakkestad fekk 19 prosent.

Dermed får begge plass på tidenes Sogndal-lag. Og det i kamp med spelarar som Rune Bolseth og Eirik Bakke.

- Eg må seie at eg er overraska. Det var høgst verdige motstandarar, eller medspelarar, må eg seie. Det er folkets røyst som har talt her, så det set eg veldig pris på, seier Torvanger.

- Usletteleg inntrykk

Petter Melchior (t.v.) og Atle Torvanger på veteranturnering

OPPRYKK: - Eg reiste til Brann året etter, men opprykket i 87 var fantastisk stort, seier Atle Torvanger (t.h.).

Foto: Jon Navarsete

Torvanger fekk med seg 345 kampar og 67 mål over to periodar i Sogndal.

- Eg kom frå heimklubben Bremanger då vi spelte i 4.-5. divisjon, og gjekk rett inn på Sogndal i 83, fortel han.

- Eg må ha gjort eit usletteleg inntrykk, ler 47-åringen og hugsar best første sesongen han spelte i sogndalsdrakta.

Hemmeleg nummer

Mellom periodane som Sogndal-spelar, var han fire år i Brann. Her vart han kaptein og fekk mellom anna oppleve cupfinaletap for Rosenborg i 1988. Torvanger scora endåtil eitt av Brann sine mål i den første av to finalar.

Overgangen til klubben mellom dei sju fjell vart stor for ein beskjeden sunnfjording.

- Det er klart at Brann var ein større klubb å komme til, og eit fantastisk engasjement. Bergensarane eig ikkje hemningar for å seie det rett ut. Eg måtte til med hemmeleg telefonnummer. Litt rart å komme til ein slik klubb, mimrar han og legg til:

- Men Sogndal er klubben i mitt hjarte.

Spelte saman

Medan Torvanger er kjend for sin førsteklasses teknikk og gode skotfot, er den ti år yngre makkeren hans på tidenes Sogndal-lag kjent for sin enorme løpskapasitet. Dei to spelte på same Sogndal-lag i 1995. Det var Torvanger sin siste sesong i Sogndal, medan Buer Johansen tok til på sin første.

HØYR: Dei to midtbanespelarane skildre kvarandre.

Rune Buer Johansen

TIDENES: Rune Buer Johansen er med på tidenes Sogndal-lag.

Foto: Yttri, Tor / SCANPIX

Buer Johansen enda på 160 kampar og 27 mål for Sogndal. Etter ein god 2003-sesong kom han på årets lag i VG og fekk ein landskamp.

- Eg hadde nok ein stor fordel med at eg dreiv ein del idrettar. Mellom anna sykling og langrenn. Då eg prioriterte fotball, så hadde eg ein god fysisk plattform som gjorde at eg var veldig løpssterk og kunne dekkje store delar av bana, fortel Buer Johansen.

- Hugsar best 2003

Den sterke fysiske forma fekk han vist til gagns då han under eit rulleskirenn på Hamar slo skiskyttaresset Ole Einar Bjørndalen. I same løpet spurtslo han også Petter Northug.

Austlendingen var mykje plaga med skader.

- Først og fremst hugsar eg sesongen 2003. Då fekk eg vere skadefri og fekk bygd meg skikkeleg opp. Hadde fantastiske medspelarar og var på øvre del av tabellen store delar av sesongen. Det var den beste sportslege tida, seier Buer Johansen som i dag trenar 4. divisjonslaget Løten i Hedmark.

TIDENES SOGNAL-LAG (4-4-2): Terje Skjeldestad, Petter Melchior, Asle Hillestad og Arild Førde, Gunnar Sigmar Håre, Knut Christiansen, Rune Buer Johansen, Atle Torvanger,