Hopp til innhold

I ein koffert på nær eit halvt tonn gøymer det seg eit unikt måleri

Den finst berre ein versjon av Edvard Munch sitt «Selvportrett med sigarett». No er det verdifulle biletet på Norgesturne, og Førde er ein av sju utvalde plassar som får besøk.

Tryggleiken er på topp når Edvard Munch sitt måleri Selvportrett med sigarett er utstilt på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde dei neste vekene.

STRENGT: Ingenting er tilfeldig når Edvard Munch sitt måleri 'Selvportrett med sigarett' er på turne rundt om kring i Norge denne våren.

I eit mørkt og udefinerbart rom står den verdskjende kunstnaren Edvard Munch med ein glødande sigarett i handa. Med eit intens blikk ser han på deg, men kanskje like mykje på seg sjølv?

Slik har Munch framstilt seg sjølv på kunstmaleriet som no er å sjå på Sogn og Fjordane kunstmuseum. Og med eit maleri verdt millionar blir ikkje berre pakka inn i litt plast og sett på bussen.

Tryggleiken er på topp når kunstskatten skal reise landet rundt i samband med at kunstnaren har 150-års jubileum.

Heldige som har fått det på besøk

I ein gigantisk spesialbygd koffert står biletet trygt inne i det store rommet på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Her er det ikkje snakk om nokon vanleg koffert av hard plast som du kan ta med deg på sydenferie, men i staden ein koffert som veg opp mot eit halvt tonn.

Selvportrett med sigarett

EINESTÅANDE: Det finst berre ein versjon av 'Selvportrett med sigarett'. Det er no på turne i Norge, og dei neste vekene kan du ta det nærare i augesyn på Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Foto: Anders-Kristian Kalstad / NRK

Med Securitas-vakter på plass og kameraovervaking som får med seg kvar einaste vesle rørsle er det ingenting å utsetje på tryggleiken. Fleire låsar på opp før bilete kjem fram i lyset.

– Det er veldig kjekt at vi får besøk av Edvard Munch igjen, seier kunstkjennar Fridtjof Urdal.

Han gler seg stort over det storfine besøket og meiner det er langt frå sjølvsagt at nettopp Førde har blitt ein av sju stader som skal stille ut biletet.

– Vi har jo eit nytt museum, og vi hadde neppe fått dette biletet til nokon annan plass i fylket.

– Hadde det ikkje vore for at bygget er nytt og støttar dei tryggleikskrava som er nødvendig, så hadde det ikkje vore mogleg å sjå Munch her, seier han.

– Ei glede for ein kvar kunstnar

Fridtjof Urdal

VIKTIG: Fridtjof Urdal meiner det seier litt om kor viktig Edvard Munch var og er når tryggleiken rundt verka hans er så streng.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Edvard Munch er rekna som er av dei viktigaste biletkunstnarane Norge har hatt. Kunsten hans inspirerer framleis dei nye generasjonane og i samband med turneen «Munch i koffert» blir det lagt opp til undervisningsopplegg der ungdomsskuleelevar skal få prøve seg på fotografering og bilderedigering.

For kunstkjennar Fridtjof Urdal er det stort å få eit så verdifullt bilete på besøk.

– Denne versjonen av Selvportrett med sigarett er det einaste som finst. Av Skrik er det fire versjonar, men av dette er det berre eitt, og det er altså i denne kofferten, seier han.

Om Munch hadde visst at dette biletet vart frakta rundt i ein spesialbygd koffert for å vise det til folk landet rundt, hadde han vore stolt, meiner Urdal.

– Eg trur det ville vore ei glede for ein kvar kunstar å bli handsama slik i ettertida. Det viser litt om kor viktig han er og den respekten ettertida har for han, seier Urdal.

Håpar mange vil sjå det unike biletet

Akkurat kva måleriet er verdt kan ein ikkje seie, men det er truleg snakk om fleirfaldige millionar. I mai i fjor vart akvarellversjonen av Skrik selt for 119,9 millionar dollar.

– Han er ein av dei høgst betalte på den internasjonale kunstmarknaden, seier Urdal.

No er håpet at mange kjem for å sjå den unike måleriet. I tillegg har museet også nytta høvet til å vise fram andre sjølvportrett som dei har i samlinga si.

– Som ei ramme for biletet til Munch har vi ei eiga utstilling med portrett, blant dei Ludvig Eikaas sitt sjølvportrett med sigarett, fortel Urdal.

Utstillinga Munch i koffert er i Førde frå laurdag 6. april til og med søndag 21. april.