Hopp til innhold

Leie av å gjere politiet sine oppgåver

Brannvesenet i Aurland meiner dei altfor ofte må fungere som politi når politiet er seint ute eller ikkje dukkar opp. – Farleg og dyrt, seier brannsjefen.

Brann Gudvangatunnelen

LEIE: Brannvesenet i Aurland, her ute under brannen i Gudvangatunnelen i august, har vore ute på både husbråk og mistanke om promillekøyring det siste året, seier brannsjefen.

Foto: NRK

– Belastninga blir større. Vi kan kome i fleire farlege situasjonar som vi ikkje er trente til å takle, slik politiet er, seier brannsjef i Aurland kommune, Reinhardt Sørensen.

Brann- og redningsetaten kommunen er lei av å ta på seg oppgåver som dei meiner er politiet sine. I nokre av tilfella kjem politiet seint fram, andre gonger kjem dei ikkje i det heile tatt.

Og det skjer ikkje berre i Aurland. I mai gjekk brannvesenet i Namsskogan i Trøndelag ut i NRK med same situasjon. Under trippeldrapet i Årdal blei brannmannskap og ambulansepersonell så frustrerte over å vente på politiet, at dei valde å trasse instruksane og gripe inn.

Husbråk og promillekøyring

NRK har sett fleire loggar frå situasjonar der politiet har kalla ut brannvesenet i Aurland, fordi dei ikkje har ressursar i området.

Reinhardt Sørensen

BRANNSJEF: Reinhardt Sørensen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har vore borti bilar som stoppar i tunnel som ikkje har noko med oljesøl å gjere. Vi har vore borti ei sak med husbråk. Vi må ut der folk lurer på om det er promillekøyring. Det er fleire ting vi meiner er politioppgåver, seier Sørensen.

Brannsjefen trur dette skjer langt fleire stader i landet der det er langt mellom politifolk i beredskap. Han er klar over at dei pliktar å vere politi fram til politiet kjem fram til ein ulukkesstad, men meiner oppgåvene ofte går for langt.

– Når politi ikkje kjem må vi ta bilete, avhøyr, merke opp plassen, og vi må ta ein del av etterforskinga før politiet kjem. Dermed må vi bli mykje lenger på plassen.

Ordføraren: – Uakseptabelt

Slike oppdrag kostar for kommunen. Ei utrykking kan koste 10-15000 kroner. Når politiet kallar ut det kommunale brannvesenet, bør staten ta rekninga i staden for kommunane, meiner både brannsjefen og ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Noralv Distad avsluttande valdebatt 10. september 2015

ORDFØRAR: Noralv Distad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Distad seier situasjonen er uakseptabel, både når det gjeld økonomien og arbeidsoppgåvene til brannvesenet.

– Brannvesenet er deltidstilsette og må gjere oppgåver for andre, der det krevst høg utdanning, seier ordføraren.

Politiet: – Kjenner oss ikkje att

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, peikar på at brannvesenet har eit ansvar som innsatsleiar på ulukkesstader fram til politiet kjem fram. Han har ikkje fått tilbakemeldingar på at brannvesenet utfører reine politioppdrag

Ronny Iden

POLITIMEISTER: Ronny Iden.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg seier ikkje at det ikkje har skjedd. Men vi kjenner oss ikkje att i det, seier Iden.

Han inviterer brannvesenet til dialog.

– Eg vil anbefale dei å ta kontakt med oss i konkrete tilfelle der dei meiner vi krev meir enn vi skal. Så får vi diskutere det.