Hopp til innhold

Ville ikkje vente på politiet - trassa instruksen og greip inn

Brannmannskap og ambulansepersonell blei så frustrerte over å vente på politiet, at dei valde å gripe inn.

Bussen ved Holsbruvatnet/Gaute Johnsgaard

KLARTE IKKJE HALDE SEG VEKKE: Brannmannskap og ambulansepersonell greip inn mot mannen i bussen fordi det tok så lang tid før politiet kom,

Foto: Christian Blom/Marit Hommedal, NTB

– Dei uttrykte frustrasjon over at ting tok tid og ville gjere ein innsats, men lystra ordre. Til slutt blei dei einige om å ta kontroll over situasjonen til politiet kom, seier brannsjef Gaute Johnsgaard i Årdal til NTB.

Då dei kom til staden, såg dei mannen inne i bussen som stod ved Holsbru mellom Årdal og Tyin.

Den 30 år gamle mannen forstod som trugande og farleg medan han var på bussen, men kom til slutt ut.

19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen, bussjåfør Arve Kvernhaug busett i Bagn i Valdres og Brahim Khouya frå Göteborg blei drepne på bussen.

La han i bakken

Brannmenn væpna med hammarar og eit pulverapparat fekk overmanna mannen og lagt ham i bakken.

– Dei klarte å halde han nede til politiet kom nokre minutt seinare.

Handlingane var direkte i strid med instruksen frå politiet om å halde god avstand og ikkje gjere noko før patruljen var på plass.

Vil vere prega i lang tid

Dei følgde instruksen då dei kom til staden klokka 18:03, men ventetida blei for lang. Det tok ein time og 11 minutt frå patruljen i Lærdal blei varsla, til dei kom til åstaden. Politiet i Årdal rykka også ut litt seinare, men dei køyrde ein kortare veg og kom først til staden.

Johnsgaard stadfestar at brannmannskapa ikkje er trente for situasjonen som møtte dei ved Holsbruvatnet mellom Årdal og Tyin.

– Opplevinga vil prege mange i lang tid framover. Det må vi berre handtere etter kvart, seier han.

Den pågripne mannen er 30 år og asylsøkjar frå Sør-Sudan. Han skulle blitt sendt ut av landet i dag, men det er førebels uklart om han visste det. Mannen er no innlagd på Sandviken sykehus for ei vurdering av den mentale tilstanden.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valdresekspress-kapringen» i nytt vindu