Hopp til innhold

Overraska over at politianalysen ikkje blir lagt fram i vår - forventar at regjeringa jobbar raskt

Leiar i Justiskomiteen, Hadia Tajik, er overraska over at politianalysen ikkje blir lagt fram for Stortinget i løpet av vårsesjonen.

Politianalysen har anbefalt å kutta drastisk i talet på politidistrikt i Norge. Sogn og Fjordane er eitt av dei. 
Måndag kom leiaren for justiskomiteen for å høyra kva politiet i fylket sjølv ønskjer

SJÅ TVSAK: Hadja Tajik i Florø

Justisministeren har varsla kva saker som kjem opp, og politianalysen som mellom anna tek føre seg framtidas organisering av politiet er ikkje blant dei.

Då Tajik besøkte Florø og politiet i Sogn og Fjordane måndag, sa ho at ho var overraska over at Justisministeren ikkje har meldt inn politireforma som ein av sakene dette halvåret.

– Eg forventar at regjeringa jobbar raskt med dette, at dei kjem raskt til Stortinget med forslag til reform. Eg opplever at politiet er endringsvillige og framoverlente og no ventar dei berre på at regjeringa skal levere, seier Tajik.

Måndag var Tajik i møte med Politimeisteren og Politiets Fellesforbund i Florø, mellom anna for å høyre kva dei meiner om politianalysen som skal legge føringar for organisering av framtidas politi. Den føreslår drastiske kutt i talet på politidistrikt og lensmannskontor.

Seier lite om kvaliteten

Politianalysen som er lagt fram gjer det vanskeleg å konkludere om framtidas politi. Den seier lite om kvaliteten på politiberedskapen, meiner Tajik

– Sjølv om vi har ein viktig diskusjon om struktur og organisering, må vi snakke enda meir om innhaldet. Kva ventar vi av politiet? Kva vil vi at politiet skal levere? Kva er eit moderne politi? Kva er deira samfunnsoppdrag? Det er først når ein har definert dette på ein fornuftig måte at ein kan begynne å diskutere talet distrikt og lensmannskontor, seier ho.

Tajik seier at det som er viktig for ho og justiskomiteen på Stortinget er at dei slutningane som til slutt vert tekne og den politireforma ein til slutt får er godt forankra ute i politidistrikta.

– At kvar enkelt polititenestemann og kvinne opplever at dette er relevant for deira kvardag og styrke deira føresetnader og ikkje minst at folk opplever at politiet er tilgjengeleg for dei, når dei treng det. Det er viktig.

– Men smuldrar ikkje heile politianalysen vekk om ein har starta i feil ende?

– Politianalysen diskuterer litt av samfunnsoppdraget, men eg meiner at det er ei viktig politisk oppgåve å ta ei tydleg stilling til kva som skal vere politiets kjerneoppgåve, og så ta stilling til kva for modell i politianalysen ein skal gå for eller om ein skal gå for noko heil anna.

– Vi blir ikkje meir robuste

Kjetil Drange, fylkesleiar i Politiets Fellesforbund sa i dag til Hadja Tajik at Sogn og Fjordane politidistrikt må bestå slik det er i dag.

Kjetil Drange

POLITIETS FELLESFORBUND: Fylkesleiar Kjetil Drange meiner sentralisering vil medføre eit dårlegare tilbod til publikum.

Foto: Vidar Gudvangen / RNK

– Fordi ei sentralisering av politidistrikt og lensmannskontor vil medføre eit dårlegare tilbod til publikum, seier Drange.

Han meiner analysen heilt klart inneheld altfor lite opplysningar om den tenesta politiet skal tilby publikum. Difor kan analysen berre brukast som bakgrunnsmateriale for vidare arbeid.

– Skal ein fatte ein konklusjon, må det innhentast meir informasjon. Difor er eg glad Tajik kjem til vårt politidistrikt for å ta lærdom og sjå korleis vi gjer det., kva som er våre utfordringar. Det tek og med seg og forhåpentlegvis er ho i betre stand til å fatte ei god avgjerd.

For Sogn og Fjordane sin del, ser ikkje Drange nokon fordelar ved at dei skal bli slått saman med Bergen.

– Vi blir ikkje meir robuste her oppe. Publikum vil ikkje få ein betre polititeneste. Det er ingenting som tyder på at vi skal bli styrka i yttarste ledd på bakgrunn av analysen, så det trur eg ikkje på, seier Drange.

Eit særeige fylke

Tajik peikar på Sogn og Fjordane sin særeigne geografi som ho meiner dei må ta høgde for når dei jobbar vidare med politireforma.

– Fylket har nokre særeigne utfordringar som gjer det viktig for oss som jobbar med politireforma å vere merksame på, seier Tajik.

Det siste året har vore prega av fleire alvorlege hendingar i So

Politiet arbeider med sporsikring rundt busssen.

ALVORLEGE HENDINGAR: Sogn og Fjordane har fleire alvorlege hendingar siste tida. Her frå trippeldrapet i Årdal.

Foto: Øyvind Bye Skille

gn og Fjordane. Brannen i Gudvangatunnelen, trippeldrapet i Årdal og storbrannen i Lærdal er eksempel som viser behovet for lokal beredskap.

– Her i Sogn og Fjordane har ein gjort seg fleire nyttige erfaringar på korleis naudetatane kan samhandel på ein god måte. Ein har sett kor viktig lokalkunnskap er for å kunne vere raskt på staden. For oss er det viktig framover at ein varetar nettopp lokalkunnskapen, aksjonsberedskapen og det førebyggjande perspektivet, seier Tajik etter møtet i Florø.

Relevant kritikk

Tajik seier Arbeidarpartiet meiner det er behov for endringar, men at ein del av den kritikken som er retta mot politianalysen har vore relevant. Til dømes at det førebyggande arbeidet og kvardagsberedskapen ikkje er godt nok i varetatt og at det har vore for mykje fokus på aksjonsberedskap.

– Difor er det viktig for oss når vi skal vere med å lage ein politireform at det førebyggande perspektivet og kvardagsberedskapen er teken vare på.

–Kva tenkjer du då om at ein ønskjer å halvere talet på lensmannskontor i Sogn og Fjordane?

– Arbeidarpartiet har ikkje teke stilling til talet lensmannskontor og talet på distrikt. Eg meiner det og er viktig at diskusjonane først og fremst handlar om kva ein forventar av politiet. Så får ein deretter ta utgangspunkt i kor mange tenestestadar ein treng, og kva som må til for at ein får frigjeve meir politikraft lokalt. Dette må vi gjere no, så får vi jobbe med politianalysen parallelt.

Justisdepartementet ynskjer ikkje å kommentere saka.