Hopp til innhold

Fann seks kadaver etter sau og lam - meiner jerv har vore på ferde

Denne veka vart det funne seks lamme- og sauekadaver på ein støl like ovanfor Fjærland. Alle spor tyder på at det er jerv som er på ferde.

Sauekadaver i Bjåstadelvi i Fjærland

LAGRA I ELV: Det er typisk for jerven at han lagrar byttet sitt i vatn.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

– Vi fekk melding om nokre kadaver som låg i ei grov ved Bjåstaddalen, ein fjellstøl i Fjærland, seier rovviltkontakt i Luster for Statens naturoppsyn, Einar Fortun.

Han drog til staden onsdag for å sjå på kadavera.

– I ei grov som renn frå Hoveelva fann eg seks kadaver på ei strekning på 200 meter, seier Fortun.

Etter å ha sett nærare på kadavera, synte det seg å vere fem lam og éin vaksen sau.

Har gøymt kadavera i vatn

– Eg klarte å dokumentere at fire av dei er drepne av jerv. Det var tydeleg bitskadar på dei. Dei to andre var litt for mykje fortærte, men det rimeleg å tru at det også er jerv som har teke desse, seier Fortun.

Alle kadavera låg i vatn.

– Det var nok ikkje ferskt. Dei har lege lenge, kanskje så lenge som tre veker. Men sidan dei har lege i vatn, så blir dei ofte betre bevart, og difor var det lettare å finne ut av det, seier Fortun.

Han legg til at det også låg eitt kadaver på land, men dette var så godt som heilt fortært.

– Det var berre att ein del bein og skinn, seier Fortun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sauekadaver teke av jerv

TEKE AV JERV: Dette lammet er mest truleg avliva av jerv.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Vandrar langt på kort tid

Men sjølv om Fortun kjenner seg sikker på at det er jerv som står bak drapa, så betyr det ikkje nødvendigvis at jerven er der no.

– Det har jo vore jerv i området, men sidan dette er lenge sidan, så er det ikkje sikkert at denne er her no. Han har svært område, så han kan dukke opp att, eller han kan halde seg vekk, seier Fortun.

Men han legg til at for jerven er avstandane korte, spesielt dersom han tek vegen over breen.

– Han kan gå mot Leikanger, Sogndalsdalen, Veitastrond eller framover mot Jostedalen. Så folk får vere litt vakne, seier Fortun.

– Det er ikkje sikkert at han gjer noko meir, det er vanskeleg å spå kva jerven gjer, seier Fortun.

Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn ber om at saueeigarar eller andre som finn sauer dei trur kan vere tekne av jerv om å kontakte naturoppsynet.

Har ingen spor å gå etter

Det vil ikkje bli gjort noko spesielt med tanke på å ta ut jerven, rett og slett fordi spora er for gamle.

– Det er ikkje så mykje å gjere når det er så gamle kadaver. Men dukkar han opp att ein plass, så er det mogleg å søkje om fellingsløyve, seier Fortun.

Men han understrekar at jerven er ein vanskeleg kar å jakte på når det ikkje er snø på bakken.

I vår vart det fellt fire jervar, men tydelegvis er det framleis jerv i fjella.

– Men det var nok att nokre stykke. Vi er nok ikkje fri for jerv, for dei streifar langt, seier Fortun.

Han ser ikkje vekk ifrå at det er fleire kadaver i området.

– Det kan godt hende at det ligg fleire kadaver der, men han er ofte flink til å gøyme dei vekk, så det er ofte vanskeleg å finne dei, seier Fortun.