Hopp til innhold

– Bøndene må bli flinkare til å melda frå om dyredrap med ein einaste gong

Dersom bøndene ikkje melder tidsnok frå til rovviltkontakten dersom dei finn dyr dei mistenkjer er drepen av rovdyr, har dei ikkje rett på erstatning. – Dei må bli flinkare å varsla frå, seier Ragnhild Sæle.

Rovdyrsak

– MÅ MELDE FRÅ: Ragnhild Sæle i Sogn og Fjordane sau og geit meiner mange bønder må bli flinkare å melde frå om rovdyrskadar.

Foto: Torbjørn Selseng/NRK

Sæle er leiar i Sogn og Fjordane sau og geit, og er klar på at ho og dei andre i næringa må bli flinkare å varsla frå med ein gong dersom rovdyra forsyner seg av jobben deira.

– Finn me dyr som er skada eller daude, og det er mistanke om at det er rovdyr som har gjort det, so må me få kontakt med Statens Naturoppsyn (SNO) og forsikra oss om at rovviltkontakten kjem ut for å ta ei vurdering om dette er gjort av rovvilt eller ikkje.

Den siste veka har rovdyrdebatten i Norge verkeleg blussa opp att.

Mistar retten til erstatning

Fleire som opplever dyretap slurvar med rapporteringa, og då kjem oppsynsmennene ofte alt for seint på plass til å kunne stadfesta om det har vore rovdyr på ferde. Dersom rovviltkontaktane ikkje får stadfesta kva som er dødsårsaka, har ikkje bonden rett på erstatning.

– Då kan me også dokumentera til myndigheitene at det er rovdyr her, kanskje rovdyr dei påstår me ikkje har, seier Sæle, som har sendt ut brev til alle lokallaga der ho ber bøndene om å skjerpe seg.

Ho har opplevd at folk har ringt ho om kadaverfunn, men har droppa å ringa til rovviltkontakten med ein einaste gong. Då står dei der med skjegget i postkassa dersom dei vil ha erstatning.

– Eg fekk ein telefon om at det var nokon som hadde funne lamb som var skada so hardt at det måtte avlivast, og dei meinte det var ørn som hadde gjort det. Det som er uheldig i denne situasjonen er at rovviltkontakten ikkje vart kontakta der og då, og slik eg forstår det vart kadaveret ikkje dekt til heller. Det finst berre bilete av dette som ein kan vurdere dette ut ifrå, og dei kan vera for dårlege, seier Sæle.

– Her har me ein kjempejobb å gjera og me er nøydde til å bli mykje flinkare.

Åtseletarar fjernar bevisa

– Det er ofte vanskeleg å finna dødsårsaka, det er berre ein liten del av det som blir funne der me med sikkerheit kan seia kva som er dødsårsaka, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Årsaka til at det er viktig å vera tidleg ute er at åtselfuglar reiser med restane etter det daude dyret ganske kjapt. Anbefalinga frå rovviltkontakten er å ha nummeret til han eller ein kollega lagra på mobilen, ta med kamera og gjerne GPS slik at ein får merka av kvar kadaveret ligg.

– Me er heilt avhengige av at kadaveret vert teke vare på so godt som mogleg. Det dei kan gjera då er å dekka det til med stein, greiner eller andre ting slik at fuglar og andre åtseldyr ikkje kjem til, seier Golf.

– Fekk fellingsløyve på timen

Øystein Årdal

BONDE: Øystein Årdal.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Å vera tidleg ute har alt å seia. Det merka Øystein Årdal då han fann eit daudt lam på beitet sitt på Skei.

– Det var ein nabo av meg som fann eit lam eg hadde på eit innmarksbeite. Eg gjekk for å sjå lammet og såg med ein gong at det var tatt livet av. Då kontakta eg naturforvaltaren i Jølster kommune. Han kom på plass innan ein time og konstaterte at det var drepe av rev, og han gav umiddelbart løyve til ta ut hi på rev.

Neste dag var jeger på plass med hund, fann hiet og tok livet av reven.

– Då vart det slutt på drepinga, seier Årdal, som alltid har med seg telefon og kamera når han ser etter sauene sine i tilfelle han skulle koma over eit kadaver.