Hopp til innhold

Fryktar ulven kjem hit raskt

Det kan kome ulv til Sogn og Fjordane allereie i sommar. Det fryktar fylkesleiaren i Bonde- og småbrukarlaget.

Sau tatt av ulv i Skåbu

DREPNE AV ULV: Biletet er frå Skåbu i Nord-Fron der bønder i det siste har funne mange sauer drepne og skadde av ulv. No fryktar bonde- og småbrukarlaget her i Sogn og Fjordane at ein skal oppleve det same her.

Foto: Privat

Bønder i store delar av Sør-Norge er prega av at det så langt i år har vore ein kraftig vekst i rovdyrskadar samanlikna med tidlegare år.

I Hedmark og Oppland herjar ulven, og det er berre eit tidsspørsmål før den hit om ikkje noko blir gjort.

– Det er heilt klart at vi kjem til å få ulv i vårt fylke også, om ikkje ein får felt nokon av dei som er på streif i Austlandsområdet. Og vi kan oppleve det allereie i år, så alvorleg er det, seier Magnar Juklestad som er fylkesleiar i Bonde- og småbrukarlaget til NRK.no.

Næringa rasar mot ministeren

Miljøverndepartementet og minister Bård Vegar Solhjell har måtte tole hard kritikk frå bondenæringa for måten situasjonen har blitt handtert på.

Bøndene meiner det ikkje er blitt gjort nok for å ta ut rovdyra som drep ned husdyra deira, og krev at departementet strammar grepet.

– Ministeren kan ikkje snakke seg vekk frå den alvorlege situasjonen som beitenæringa opplever i stadig større delar av landet, sa bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren i går og la til.

– Eg vil høyre han seie at han skal følgje opp rovviltforliket og ta i bruk alle midlar som er moglege for å ta ut skadegjerarane som herjar i beiteprioriterte område.

– Må starte jakta på timen

Også Juklestad er utolmodig og krev at departementet gjer meir.

– Eg ønskjer at dei skal setje i gang med jakt i dei områda der det etter rovdyrforliket er semje om at det ikkje skal vere rovdyr. Jakta må setjast i gang med det same rovdyra er observert, på timen.

Det er gitt fellingsløyve på ulv i områda der den har teke husdyr i nabofylka, men det har vore vanskeleg å ta dei ut, sa Solhjell til NRK.no i går.

– Vi gjer mykje, og vi er raske med å gje løyve. Vi har brukt mykje tid på å byggje opp kompetanse i jaktlaga, slik at dei har erfaring med å ta ut rovdyr. Vi tillet også ulike jaktmetodar som kan fungere i den enkelte situasjon.

– Men likevel blir dei ikkje teke ut?

– Det er ganske mange rovdyr som er teke ut i løpet av vinteren. Både ulv, jerv og gaupe. Difor har også bestanden gått ned og vi er om lag på det nivået vi skal vere, til og med under på bjørn og gaupe, sa ministeren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bård Vegar Solhjel

GJER MYKJE: Det meiner miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Må sikre ein balanse

Med dei manglande resultata meiner Juklestad at det er tydeleg at departementet ikkje gjer nok.

– Det seier seg sjølv at det er noko som er feil med dei resultata vi ser, seier han til NRK.no.

Han seier han ikkje ser på det som noko problem at det er rovdyr i Norge, men at det må vere forståing for at det er viktig med ein balanse. Slik det er no er det ein ubalanse, meiner han,

– Med dei rovdyra som no herjar på Austlandet, så handlar det ikkje om balanse. Eit rovdyr som drep ned 20 dyr på ein dag, og så skal ein seie at det er balanse, det er meiningslaust, seier Juklestad og seier ulven ikkje drep ned så mange dyr fordi den treng det for å overleve, men fordi det ligg i instinktet til ulven.

– Det er slik det fungerer, dessverre.

Har gitt pengar til førebygging

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) har på eit møte på Hamar i føremiddag sagt at han løyver ein million kroner i skadeførebyggjande tiltak mot rovdyr i Hedmark.

Bakgrunnen for pengane er at rovdyrskadane i området aldri har vore så omfattande i dette området.

Det vil også vere mogleg å få meir pengar dersom situasjonen skulle tilseie dei, og miljøvernministeren lovar i så fall rask sakshandsaming. Etter møtet på Hamar reiser statsråden no i dag til Vinstra for å møte sauebønder der.