Hopp til innhold

Trur ulukka kan føra til at offshore-arbeidarar sluttar

Roy Erling Furre i fagforeininga Safe trur frykt for å fly helikopter kan få folk til å sei opp jobben sin etter ulukka ved Turøy. Statoil strekk seg langt for å hjelpa dei som slit, og seier at det er heilt greitt å be om å få stå over ein tur.

Offshore-helikopter

HELIKOPTERFRYKT: Folk som jobbar på oljeinstallasjonar ute på sjøen er avhengige av å fly helikopter til og frå jobb. Likevel er det ifølgje Safe mange som slit med helikopterfrykt.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Roy Erling Furre

Roy Erling Furre er HMS-ansvarleg i Safe. Han har sjølv opplevd ei tragisk dødsulukke på nært hald. Han var ein av 69 personar som blei redda då hurtigbåten Sleipner gjekk ned i 1999. 16 menneske mista livet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg kjenner sjølv folk som har kasta korta og slutta i Nordsjøen på grunn av helikopterskrekk. Det er klart at ulukka som skjedde på fredag vil øydelegga mykje for dei som allereie slit, seier Roy Erling Furre, som er HMS-ansvarleg i fagforeininga Safe.

Han viser til SINTEF sin helikoptertryggleiksstudie, som slår fast at det er mange nordsjøarbeidarar som i ulik grad har frykt for å fly helikopter. Når 13 menneske nå mista livet sitt i den tragiske helikopterulukka trur han altså at det kan føra til at offshore-arbeidarar seier opp jobben sin.

– Det er ganske mange som har dette problemet, og det er nok ein del som vil velja vekk denne måten å reisa på. Det er ikkje sikkert at alle klarer å takla dette, seier han.

– Alle er opptekne av dette

Lasse Albertsen

Tanken om å finna seg ein annan jobb slo Lasse Albertsen då han først høyrde om helikopterulukka. Men alt i alt meiner han det er trygt å fly med helikopter.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

NRK møtte fleire nordsjøarbeidarar som sundag kom til Sola frå Ekofisk med eit Sikorsky-helikopter.

– Det er den einaste måten me kjem oss heim på, me kan jo ikkje ta bussen, men tankane går jo litt, seier Lasse Albertsen som har jobba tre år offshore.

Han fortel at alle ute på plattforma har følgt med på nyheitene om ulukka.

– Dette er det einaste me snakka om offshore. Det er ei forferdeleg ulukke. Me har mykje sorg, og medkjensle til familiane og kjenningane til dei omkomne, fortel han.

Også dei mest røynde nordsjøarbeidaren, som boresjef Roy Nevland med 29 års fartstid, tenkte meir over helikoptertryggleiken i dag enn vanlegvis.

– Nokon er meir redde enn andre for å fly helikopter, og slik var det nå også. Det går innpå ein, for ein er ganske sårbar i helikopter. Skjer det noko så er det stor sjanse for at det går gale. Eg kjenner det på kroppen, seier han.

Roy Nevland

Roy Nevland er boresjef i North Atlantic Drilling. Han er glad for at han blei frakta med eit Sikorsky-helikopter på sundag då han kom heim frå Ekofisk.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Greitt å be om å stå over

Statoil opplyser om at dei nå legg ned ein stor innsats for å gi sine tilsette best mogleg informasjon, og dei har stor forståing for folk som kjenner frykt knytt opp til sine eigne helikopterturar.

– Me er opptekne av at dei som er urolege og har spørsmål skal ta kontakt med oss, og det er heilt greitt å sei at dei står over ein tur, seier presskontakt i Statoil Morten Eek.

Han seier dei vil prøva å finna løysingar for dei som slit med frykt etter ulukka utanfor Bergen.

Flere nyheter fra Rogaland