Hopp til innhold

Satsar på ny rekord i Nordsjørittet

Nordsjørittet er best på tre hjul. I hvertfall ifølgje Tore Pang, som trur at slikkepinnar og gaffateip skal få han i mål.

Tore Pang

NORDSJØRITTET: Tore Pang skal sykle Nordsjørittet på ein trehjulssykkel.

– Det er ikkje så behageleg, eg klarer ikkje å sitta og sykla, for eg klarer ikkje å få knea under styret, seier Tore Pang.

Teknikken må det kanskje gjerast noko med om han skal halde ut dei 91 kilometrane. For 14. juni står artisten frå Kriminell Kunst på startstreken til Nordsjørittet i Egersund, på trehjulssykkel.

Det var under innspurten av avstemmingen til Sandnes Sparebanks Musikkpris i fjor at Pang var litt eplekjekk; "Vinne eg, ska eg sykla Nordsjørittet med trehjulssykkel!" Og da han vann Publikumsprisen på 50.000 kroner, måtte han stå ved sine ord.

Hardtrening

Sandnes sparebank gav han trehjulssykkelen, og no er han i gong med treninga.

– Eg har låge i hardtrening sidan barnehagen, men det har kanskje vore litt slakt dei siste åra, men etter at eg fekk sykkelen, så har eg sykla litt rundt i gatene, seier Pang.

Han har også planen klar for korleis han skal sikre at forma og sykkelen held seg heile løpet ut.

– Eg oljar sykkelen litt i forkant, og så har eg eit lite kit med gaffateip og slikkepinnar som eg skal ta med meg. Gaffateipen fikser det meste, og slikkepinnane held blodsukkeret oppe, seier Pang.

McDonalds-proviant

I tillegg vil resten av bandet hans, Kriminell kunst, køyre saman med han. Dei skal kjøpe inn store mengde McDonalds-mat som dei kan forsyne Pang med undervegs i løpet. Det er iallefal planen, men om dei får lov er ein annan ting.

At Pang i det heile teke får stille, er ikkje sjølvsagt. Men Nordsjørittet har diskutert saka grundig og kome fram til at dei gir Pang og Sandnes Sparebank dispensasjon. Han må stille bakarst i ei pulje, og det må ikkje vere fare for at han kjem i vegen.

– Me får mange rare førespurnadar. Og det er ikkje kvardagskost at me går med på sånne ting. Men denne synst med var så pass løye, at me har vald å gje dispensasjon, seier Siri Ommedal i Nordsjørittet.

Må rekke ein konsert

Kor lang tid forventar du å bruke?

– Ein halvtime, for det er det eg har. Me skal spela ein konsert seinare på dagen, seier Pang.

– Dei som syklar raskast, syklar rittet på litt over to og ein halv time.

– Ja, då får eg satsa på ein ny rekord, og eit nytt veddemål. Om eg vinn så lovar eg at eg skal symja til England.