Hopp til innhold

Leiaren for Odin sine soldatar i Norge står fram

Han heiter Kim Mæland og kjem frå Stavanger.

Kim Mæland er leiar i Norge for Soldiers of Odin

Kim Mæland er leiar for Soldiers of Odin i Norge. I går kveld partruljerte han og 12-13 andre medlemmar Stavanger sentrum.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Laurdag kveld, klokka 21.30, stiller 10 menn og kvinner opp i Breigata i Stavanger sentrum. Alle har på seg svarte jakker med symbolet "Soldiers of Odin" på ryggen. Saman med dei står Kim Mæland, som nå står fram som leiar for gruppa i Norge.

– Me er her for å halda Stavanger, Sandnes og Bryne sine gater så trygge som muleg, med den hjelpa me kan bistå med, seier Mæland.

Så legg dei ut på ei vandring gjennom Stavanger sentrum, som skal pågå fram til klokka 04, natt til søndag.

Medlemmar av Soldiers of Odin i Stavanger sentrum

Medlemmar av Odin sine soldatar i Stavanger sentrum. Dei vil ikkje stå fram med namn eller på bilde.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Støttar politi og natteravnar

Mæland understrekar at natteravnane gjer ein god jobb med å halde orden i bygatene nattestid, men at dei ikkje er så mange.

– Så de er her for å hjelpa natteravnane?
– Ja, både politi og natteravnar. Me har hatt god dialog med vakthavande i Stavanger politidistrikt i kveld. Han veit at me er her og me skal møte han litt seinare på patruljeringa vår, seier Mæland.

– Men kvifor ikkje heller gå inn i natteravnjobbing og ta av jakkene med Soldiers of Odin-merket?

– Det er det me jobbar med nå, å få eit samarbeid med natteravnane. Og også med politiet.

Kim Mæland, leiar i Soldiers of Odin, snakkar med politiet om kva gruppa har gjort laurdag kveld.

Kim Mæland, leiar av Odin sine soldatar i Norge, snakkar med politiet om kva gruppa har gjort laurdag kveld.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Står fram som leiar

For å hindre for mykje spekulasjonar står nå Kim Mæland fram med fullt namn og bilde. Han er frå bydelen Hundvåg i Stavanger og har to barn og sambuar. Ifølge han sjølv er han aldri tidlegare straffa for vald, men han blei ein gong straffa for å ha køyrt for fort med bil.

Saman med han er det 13-14 andre svartkledde medlemmer av gruppa. Dei er i alderen 20 til 50 år.

– I gruppa vår har me åleinemødre og åleinefedre, men også folk som ikkje har fått barn ennå. Men alle har same intensjonen om at barna skal veksa opp i eit tryggare samfunn enn kva det er i dag, seier Mæland.

Gi trygghet til dei som er på byen

– Er det på grunn av at Norge har fått mange nye landsmenn og at det har kome mange asylsøkjarar hit, at denne gruppa har blitt stifta?

Mæland svarar at gruppa har vore danna lengre enn me veit sjølve, og at dei jo legg merke til at det har kome mange flyktningar til Norge.

– Me merkar det jo i forhold til flyktningestraumen, men me skal hjelpa alle, uansett hudfarge og kor dei kjem frå, understrekar Mæland.