Hopp til innhold

Sikta meiner at han ikkje hadde noko val

Den 49 år gamle mannen som er sikta etter at broren hans blei funnen død på Hellvik i går meiner at han handla i naudverje i samanheng med eit basketak.

Politiaksjon på Sirevåg

Den 49 år gamle mannen blei teken etter ein politiaksjon her på Sirevåg sundag ettermiddag. Han er sikta etter at broren hans blei funnen død.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Svein Erling Jensen

Svein Erling Jensen er advokat for den sikta 49-åringen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Han nektar straffskuld fordi det har vore ein naudverjesituasjon som gjer at han ikkje kan ta ansvar for det som har skjedd, seier Svein Erling Jensen, som er advokaten til 49-åringen som er sikta for grov kroppsskade med døden til følgje.

Ifølgje advokaten skal det vera snakk om eit basketak mellom 49-åringen og den 52 år gamle broren hans. Eit basketak som enda med at 52 åringen blei funnen død på Hellvik i 23.30-tida laurdag kveld.

– Han meiner at han ikkje hadde noko anna val enn det han gjorde, seier Jensen.

Blei køyrd til turområde av ven

Ifølgje politiet skal han ha vore blodig då han blei funnen. Dei leita etter den 49 år gamle broren i heile natt utan hell.

Etter det NRK kjenner til oppsøkte 49-åringen ein ven sundag føremiddag, han bedde om å bli køyrt ut til eit turområde på Sirevåg.

Då politiet fekk informasjon om dette sette dei i gang ein væpna leiteaksjon i turområdet, og i 11-tida sundag føremiddag blei mannen teken på Sirevåg, nokre kilometer unna Hellvik. 49-åringen blei frakta til arresten på Stavanger politistasjon, og har vore i samtalar med advokaten sin.

– Han har det kjempetøft. Han har mista bror sin, og det er sjølvsagt kjempetungt, seier Jensen.

Væpna leiteaksjon

Det gjekk føre seg lenge ein væpna leiteaksjon, der politiet også brukte hundar, i eit krigsminneområde på Sirevåg i Hå kommune.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Inn til avhøyr

Ifølgje politiet ønsker dei å gjera avhøyr med mannen så for det let seg gjera. Førebels seier dei lite om kva som har skjedd i samanheng med dødsfallet.

Marita Hagen

Marita Hagen er jourhavande jurist ved Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Sikta og avdøde skal ha vore saman på ein fest tidlegare på kvelden, kva som har skjedd etter dette vil me prøva å kasta lys over i den vidare etterforskinga, seier jourhavande jurist ved Sør-Vest politidistrikt, Marita Hagen.

Kjenner de til eit eventuelt motiv?

– Det er framleis for tidleg i etterforskinga til å seia noko om dette.

Festdeltakarar skal avhøyrast

Ifølgje advokaten til 49-åringen, skal det altså ha vore grunn til å handla i naudverje.

Politiet held fram med etterforskingsarbeidet i saka.

– Me ønsker å gjera avhøyr av sikta, i tillegg skal fleire vitne avhøyrast og me skal gjera undersøking av åstaden. I tillegg så vil det bli gjennomført ein obduksjon av avdøde, seier Hagen.