Hopp til innhold

Arbeider ulovleg - men ingen vil stoppa henne

Papirlause flyktningar får ikkje skattekort og jobb. Bedriftsleiar vil prøva ulovleg arbeid for retten – problemet er at ingen vil anmelda han.

Arbeider ulovleg

20 år gamle Melat frå Etiopia er papirlaus flyktning, og får ikkje arbeida lovleg i Norge. Men arbeida gjer ho.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det betyr mykje for meg å ha denne jobben. Det var som å få byrja på eit nytt liv, så eg er kjempeglad, seier 20 år gamle Melat frå Etiopia medan ho registrer bøker hos internettbedrifta Plog på Tjelta.

Melat er papirlaus flyktning som ikkje kan returnerast til heimlandet. Ho har fått avslag på asylsøknaden og har ikkje fått innvilga søknaden om skattekort. Men trass dette har Arne Viste tilsett 20-åringen i bedrifta si. Han meiner det strir mot både grunnloven og menneskerettane å nekta dei papirlause arbeid.

Tolkar det som håp

– Eg vil ha endra praksisen slik at dei papirlause skal kunne jobba og få eit verdig liv igjen. Det er også bakgrunnen for at me tilsette Melat, som eit eksempel på dette, seier Viste.

Ulovleg arbeid

Arne Viste håper å få prøvd saka om Melat for retten, men ventar framleis på å bli meldt.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

I sitt avslag skriv Skatteetaten at Melat må ha opphaldsløyve før dei kan laga skattekort, og ifølge UDI har ikkje asylsøkarar som har fått avslag på asylsøknaden rett på mellombels arbeidsløyve.

Viste vil nå prøva saka for retten. Men for å få til det må han først bli meldt av styresmaktene, noko han til nå ikkje har blitt. Eit godt teikn, ifølge Viste.

– Eg tolkar det som at dei er på gli, og at det er håp for alle dei papirlause i Norge som vil jobba. Men me har jo ei utfordring med skatteetaten som førebels ikkje gir skattekort.

Skatteetaten seier til NRK at dei ikkje kommenterer enkeltsaker, og viser til reglane om at alle arbeidstakarar skal betala skatt.

I eit brev til bedrifta skriv politiet at det ikkje er grunnlag for å oppretta straffesak: «Dette begrunnes i at politiet ikke finner at det foreligger almenne hensyn som krever påtale, jf utlendingsloven § 108 siste ledd, samt kapasitetshensyn hos politiet»

– Mange har arbeidserfaring og utdanning

Organisasjonen Rettferdighet i asylpolitikken (RIA) har engasjert seg i saka om skattekort for papirlause flyktningar lenge. Terje Høyland er styreleiar og seier det er snakk om ikkje returnerbare flyktningar:

Ulovleg arbeid

Terje Høyland frå organisasjonen Rettferdighet i asylpolitikken har engasjert seg i problemstillinga lenge.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Me i RIA meiner at det burde bli rydda opp i desse 3000 sakene. Gå for det humane, og gje desse menneska høve til å koma i gang med liva sine. Mange har både arbeidserfaring og utdanning, og har vore her i 15–20 år, seier styreleiaren.

Hos bedrifta Plog held Melat fram i jobben sin – og ventar på svar på om ho får skattekort. Eit liv utan jobb ser ho ikkje føre seg.

– Eg er eit menneske, og treng å gjera noko. Det er veldig vanskeleg utan ein jobb.

Flere nyheter fra Rogaland