Hopp til innhold

Forbyr el-syklar i arbeidstida

Oljeserviceselskapet National Oilwell nektar sine tilsette å bruka el-sykkel til og frå møter på Forus. Kvifor? Ei intern risikovurdering slår fast at det er for farleg.

Odd Terje Høie

FORBYR EL-SYKLAR I ARBEIDSTIDA: Odd Terje Høie, sjef i National Oilwell på Forus, og dei andre tilsette i selskapet har ikkje lov til å bruka el-sykkel i arbeidstida. Det er for farleg, slår ei risikovurdering fast.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Eit titals bedrifter på Forus har meldt seg på el-sykkel-ordninga som skal redusera biltrafikken til og frå dei store arbeidsplassane mellom Stavanger og Sandnes.

Men strenge HMS-reglar gjer at 1100 tilsette i det amerikanske oljeserviceselskapet National Oilwell ikkje kan nytta seg av tilbodet.

Risikovurdering: – For farleg

– Me kan sykla til og frå jobb, det er heilt greitt. Men å sykla på ein el-sykkel i arbeidstida skal me unngå, seier Odd Terje Høie, toppsjef i National Oilwell.

Meininga er at syklane skal brukast for dei som pendlar med buss og tog, men som ikkje kjem heilt fram til arbeidsplassen kollektivt. Og syklane skal vera eit alternativ til bilen når folk skal rundt på det store næringsområdet mellom Stavanger og Sandnes.

– Alt me gjer er basert på risikovurderingar, held han fram.

– De har sju ulike bygg på Forus med langt å gå mellom. Hadde det ikkje vore greitt å sykla på ein el-sykkel mellom bygningane?

– Jo, det tenkte me også. Men me fann ut at det var gjort ei risikovurdering av dette i selskapet, og den seier at me skal unngå dette i arbeidstida, seier Høie.

150 syklar i løpet av året

Randi Markvardsen

– MERKELEG: Randi Markvardsen tykkjer forbodet er merkeleg.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Eg tykkjer det er ganske spesielt, men det er retningslinjer nokre bedrifter har me berre må forholda oss til, og me må gjera det beste ut av det, seier Randi Markvardsen, som jobbar med el-sykkelprosjektet i Forus Næringspark.

Dei 50 første el-syklane vart plassert ut på Forus i vår – og i løpet av året er planen at ytterlegare 150 syklar skal settast i trafikk.

– Me har ikkje høyrt om dette frå nokre andre bedrifter på Forus.

Men sjefen i National Oilwell, Odd Terje Høie, kjem ikkje til å ta opp kampen med sjefane over dammen for å kunna bruka el-sykkel i arbeidstida.

– Nei, eg ser ingen grunn til det, seier Høie.

El-syklar på Forus

El-syklar står parkert på Forus.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK