Hopp til innhold

El-syklar skal redusera bilkaoset på Forus

Det er stor interesse for el-syklar blant bedriftene på Forus. 200 el-syklar skal redusera bilkøane i området.

El-syklar

Seks el-syklar er på plass utanfor Kruse Smith på Forus. Totalt 200 el-syklar skal til Forus.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Stein Racin Grødem

Stein Racin Grødem, administrerande direktør i Forus Næringspark.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Interessa har vore veldig stor, trass i at me ikkje aktivt har marknadsført dette. Bedrifter kjem til oss kvar dag og lurer på kva dette er, seier Stein Racin Grødem, administrerande direktør i Forus Næringspark.

Han viser entusiastisk korleis dei seks prøvesyklane som står parkert utanfor Kruse Smith fungerer. Du loggar inn på syklane via ein inngangsbillett du får av arbeidsgivar, og syklar dit du skal.

– I prøveperioden me er på veg inn i nå skal me ha 200 el-syklar på Forus. 100 av desse vil me at private bedrifter teiknar abonnement på, seier han.

– Syklane kan bety mykje

Syklane skal bidra til å redusera køane og kampen om parkeringsplassane på Forus. Alt i løpet av denne veka reknar Grødem med at halvparten av dei hundre el-sykkelabonnementa er selde.

Innlogging el-sykkel

Du loggar inn på syklane via inngangsbillett du får av arbeidsgivar.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Aslaug Helberg, som jobbar med miljøspørsmål i entreprenørselskapet Kruse Smith, vil gjerne ha ein ladestasjon utanfor sin arbeidsplass.

– Me er med på å løysa trafikkproblema på Forus. Nå er det eit initiativ i gata på å prøva å få ein fast stasjon, seier ho.

– Kva trur du el-sykkelen kan bety på Forus?

– Den kan bety ganske mykje. El-sykkelen er eit framkomstmiddel du kan booka på førehand, og du veit den er der når du treng den. Då kan du ta tog og buss til jobb. Den siste etappen frå stasjonen eller haldeplassen kan du ta med el-sykkel, seier ho.

Laga for å vera ute i ti år

Arbeider du i eit firma med el-sykkelabonnement, kan du sykla gratis så lenge du vil, fortel Grødem.

Aslaug Helberg i Kruse Smith

Aslaug Helberg i Kruse Smith.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Har du inngangsbillett gjennom arbeidsgivaren din, er det berre å sveipa den over pc-en på styret. Så er du klar til å sykla.

Og direktøren i Forus Næringspark er ikkje redd syklane blir øydelagde eller forfell.

– Dette er solide syklar som er laga for å vera ute i ti år. I tillegg har me fortløpande vedlikehaldsprogram på dei. Viss du tar ein sykkel med feil på, kan du melda frå på pc-en på styret, fortel Grødem.

El-syklane er danske, og erfaringane frå København gjer at Grødem har klokkartru på prosjektet.

– Dei har hatt 250 el-syklar i den danske hovudstaden og skal opp til 1800 nå, seier han.