Hopp til innhold

Tiltalt for folkemord i Rwanda

For fyrste gong står nokon tiltalt for folkemord i en svensk rettssal. Påtalemakta hevdar mannen stod bak fleire massakrar i Rwanda i 1994.

Hodeskaller folkemord Rwanda

TILTALT FOR FOLKEMORD: Den svenskestatsborgaren er tiltalt for folkemord. Over 2000 hovuskallar fra drepne vart samla i er kyrkje i 2004. Førebels vil ikkje påtalemakta gå ut med nøyaktige tal på drepne som den tiltalte er ansvarleg for.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / AFP

Samstundes med at ein mann står tiltalt i Oslo tingrett for deltaking i folkemordet i Rwanda, er no ein mann i Sverige tiltalt for det same. Det er fyrste gong nokon er tiltalt for folkemord i ein svensk rettssal.

– Han er mistenkt for å ha delteke i massakrar mot tutsiar i Rwanda i 1994. Men eg vil ikkje seie nøyaktig kva massakrar det dreier seg om, seier Magnus Elving i påtalemakta til Sveriges Radio, og held fram:

– Lovbrotet er folkemord og grove brot på folkeretten.

Mannen er i 50-åra og har hatt svensk statsborgarskap sidan 2008. Rwanda ville at Sverige skulle utlevere mannen, men dette gjekk ikkje svenske styresmakter med på.

– Det byrja med at styresmaktene i Rwanda ville ha han utlevert, men det går ikkje sidan han er ein svensk statsborgar, seier Hans Melander, leier for etterforskinga.

No står han altså tiltalt i ein svensk rettssal. Saken er venta å starte i november. Deler av rettssaken skal gå føre seg i Rwanda.

– Det er lettare å hente data og informasjon i Rwanda. Men det er unikt at ein svensk domstol reiser dit for å gjennomføre deler av rettssaken, seier aktor Elving til Sveriges Radio.

SISTE NYTT

Siste nytt