– Folk har det vondt i Hellas i dag. Folk taklar ikkje kvardagen sin. Dei greier ikkje skaffe mat, dei blir kasta ut av husa sine. Fattigdomen spreier seg, og situasjonen er frykteleg for mange, seier Barbantonis.
I dag førde avgjerda om å sende krisepakken ut til folkerøysting til eit
Og det går mot .– Manglar samlande leiar
Han trur at hadde det vore ein samlande leiar på eit ytterleggåande parti i Hellas i dag, både på venstresida og på høgresida, så hadde Hellas alt opplevd ein slik revolusjon
Han trur statsminister Georg Papandreou visste kva han gjorde då han varsla om at redningspakken frå EU vil bli avgjort i ei folkerøysting akkurat no, like før G20-toppmøtet i Frankrike.
– Det kan faktisk vere noko av det smartaste han har gjort, seier Barbantonis.
Barbantonis meiner det er feil å seie at Hellas får ettergitt halvparten av gjelda si. Hellas har 380 milliardar euro i gjeld, og 260 milliardar av dette er i statsobligasjonar. Og statsobligasjonane er ikkje med i redningspakken, seier han.
Han meiner at krisepakken som er forhandla fram, ikkje er eit lys i tunnelen for grekarane.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Reelle gjeldsforhandlingar
Leiaren i den greske foreininga seier at folk i Hellas ynskjer reelle gjeldsforhandlingar. Dei vil reforhandle lånevilkåra, få lågare rente og få utvida nedbetalingstida til 40 år. Det kan gi ei reell løysing, seier han.
Andre kjelder NRK har snakka med seier at situasjonen i Hellas no er så alvorleg at ein revolusjon ikkje kan utelukkast. Når det har gått så langt at born må gå svoltne på skulen, då blir folk desperate. Og når folk er desperate kan alt skje, blir det sagt.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: