Hopp til innhold

FN-panel: – Slepp Liu Xiaobo fri

Eit FN-panel krev at den kinesiske nobelprisvinnaren Liu Xiaobo og kona blir sett fri.

Liu Xiaobo

Kina braut internasjonale menneskerettar då dei fengsla nobelprisvinnar Liu Xiaobo, meiner eit FN-panel.

Foto: Reuters

Panelet meiner kinesiske styresmakter bryt internasjonal lov ved å halde dei fanga.

Dei kritiserer også måten Liu Xiaobo vart fengsla på. Ifølgje panelet fekk ikkje Liu tilgang til advokat før han vart dømd for å undergrave staten.

I 2009 vart han dømd til fengsel i 11 år.

14 minutt forsvar

Panelet skriv i fråsegna at Liu berre fikk 14 minutt på å forsvare seg sjølv i ein rettssak som varte to timar.

– Kina har brote internasjonale menneskerettar, slår dei fast.

I panelet sat uavhengige menneskerettsekspertar frå fem land. Saman krev dei at leiinga i Kina gjer det som er nødvendig for å ordne opp. Det betyr at Liu skal sleppast fri, og at han skal få passande erstatning.

– Regjeringa har ikkje rettferdiggjort at dei hindra Liu Xiaobo i å tale fritt, heiter det vidare i fråsegna.

Håpar på støtte frå Ban

Kona til Liu vart plassert i husarrest samtidig som nobelprisvinnaren vart fengsla. Også dette kritiserer panelet Kina for.

– Ho har rett til å bli presentert for ein jury, og til å få advokathjelp, skriv dei.

No ber menneskerettsgruppa Freedom Now FN-generalsekretær Ban Ki-moon om å slutte seg til fråsegna frå panelet og kreve at Liu Xiaobo og kona blir sett fri.

Liu Xiaobo og hans kone Liu Xia

Liu Xiaobo og kona Liu Xia avbilda i 2002. No er Liu fengsla og kona i husarrest.

Foto: Scanpix/AFP

Ikkje høyrt frå Liu på lenge

Liu var medforfattar av Charter 08, eit manifest som krevde politiske reformar og fleire rettar i det kommunist-styrte Kina. Manifestet spreidde seg raskt på Internett.

Då Liu vart tildelt nobelprisen i 2009 vakte det sinne i Beijing, og Kina påstod mellom anna at utdelinga var ei oppfordring til kriminalitet.

Kina fekk kraftig kritikk for måten dei reagerte på.

Det er no fleire månader sidan nokon har høyrt frå Liu Xiaobo, og mange kinesiske advokatar og aktivistar har forsvunne i Kina dei siste månadene.

Fakkeltog for Liu Xiaobo

Liu Xiaobo kunne ikkje sjølv ta imot nobelprisen. Folk i Oslo gjekk i fakkeltog for han.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt