Hopp til innhold

Ikkje aktuelt å evakuere nordmenn

Norske styresmakter meiner det ikkje er nødvendig å evakuere norske statsborgarar frå det nordafrikanske landet Tunisia.

Tanks framfor presidentpalasset i Tunis.

Ei stridsvogn i sentrum hovudstaden Tunis i Tunisia. Ein plakat med bilete av presidenten heng framleis oppe.

Foto: Thibault Camus / Ap

Norsk UD har vore i kontakt med rundt 50 norske turistar i landet, og nokre av dei har fått assistanse til å booke om billettar og liknande.

LES OGSÅ: Derfor er tunisierne unge og sinte

Frode Overland Andersen er kommunikasjonsrådgjevar i UD.

Frode Overland Andersen er kommunikasjonsrådgjevar i Utanriksdepartementet.

Foto: UD

- Dei fleste norske turistane i Tunisia er langtidsferierande, og dei har reagert ulikt på det som har skjedd. Nokre vil heim så fort som mogleg, medan andre igjen ikkje ser nokon grunn til å reise, seier pressevakt Frode Overland Andersen i UD til NRK.no.

Han kan ikkje gi noko eksakt tal på kor mange norske statsborgarar som oppheld seg i landet.

Rolegare i dag

Han fortel at situasjonen i Tunisia er langt rolegare i dag enn i går, men at det er mange innstilde fly. Etter dei opplysningane han har fått vil det ikkje gå så mange fly frå Tunisia i dag, men at det er håp om at trafikken kjem i gang igjen frå søndag.

Tunisiske styresmakter melde i føremiddag at alle flyplassar i landet no er opne for normal trafikk.

Andersen seier at situasjonen i Tunisa førebels er uklar, men at norske styresmakter ikkje ser det som spesielt farleg å opphalde seg der.

UD har ikkje fått inn såkalla uro-meldingar frå nordmenn i landet, men assisterer altså ein del med omboooking av billettar og liknande praktiske oppgåver for dei som vil ut.

I går sende UD ut eit reiseråd for Tunisia , der folk blir oppmoda ikkje å reise til landet utan at det er heilt nødvendig.

LES OGSÅ: Avsatt president i Saudi-Arabia

LES OGSÅ: Presidenten har forlatt Tunisia

Ingen uro-meldingar

Det er også ein del norske statsborgarar som oppheld seg permanent i Tunisia og ein del med doble statsborgarskap.

UD har ikkje fått inn såkalla uro-meldingar frå nordmenn i landet, men assisterer altså ein del med omboooking av billettar og liknande praktiske oppgåver for dei som vil ut.

Det er venta at norske styresmakter i løpet av dagen vil kome med ei fråsegn om situasjonen i Tunusia etter at presidenten vart tvungen til å reise frå landet i går ettermiddag.

Eit ukjent tal menneske er drepne i Tunisia dei siste dagane i dei kraftige protestane mot regjeringa, som i går førde til at presidenten flykta frå landet. Statsministeren har teke over som president inntil vidare, men det er uklart om dette vil vere nok til å stanse uroa.

Demonstrasjoner i Tunisia

Mange er drepne i uroa i Tunisia dei siste dagane.

Foto: STR / Reuters

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt