Hopp til innhold

Gjenval med eller utan fusk

For fyrste gong på 24 år får folket som har lidd seg gjennom Afrikas lengste borgerkrig, høve til å stemme på både sine nasjonale og lokale leiarar.
Men det skjer under truslar om vold og boikott frå dei viktigste opposisjonspartia. Så landets omstridde president er garantert gjenval, med eller utan valfusk.

Video Valg i Sudan

Sudans president Hassan al-Bashir har drive ein uvanleg aktiv valkamp den siste tida og har kryssa landet sitt i alle himmelretningar for å møte veljarar og love at valet som tar til søndag, skal bli både fritt og rettferdig.

Eksemplariske, er stemplet presidenten sjølv set på det fleire dagar før vallokala opnar.

Fordi, som han seier, val er ein religiøs plikt. Akkurat som alt anna regimet hans gjør og gjennomfører. Ein religiøs plikt.

På tå hev

Det er ikkje garanti god nok for dei som sit utanfor Sudan og kan konstatere at det spenner seg til igjen, i landet som nå prøver å avvikle det første ordentlege valet på eit kvart århundre.

Eller rettare sagt «vala», for her skal det ikkje bare veljast president, men også nasjonalforsamling og regionale leiarar.

Rapporten som FNs representant har gitt Tryggingsrådet i forkant, har ikkje roa USA.

USA er varsamt tilbakeholdne med kritikken sin, for ikkje å ødelegge for den viktige folkerøystinga om framtida til Sør-Sudan neste år.

Men FN-ambassadør Susan Rice har appellert til Sudan om å utsette valet, som nå bare delvis vil bli overvaka av internasjonale observatørar. For i Darfur er spenninga så stor at EU har funne det uforsvarleg å bli verande og derfor har trekt ut observatørane sine.

Fleire millionar internflyktningar i Darfur er ikkje ein gong registrerte som veljarar og gjør eitkvart valresultat i regionen tilnærma meiningslaust.

Boikott

Konflikten i Darfur har også gjort at SPLM, den viktigaste politiske gruppa i Sør-Sudan, har bestemt seg for å boikotte heile valet denne veka. Tidlegare har både SPLM og opposisjonspartiet Umma trekt presidentkandidatane sine.

Det er ei komplisert øving Khartoum-regimet vil ha ein uerfaren veljarskare til å gå i gang med i Afrikas største land.

Video Politifolk fra Sør-Sudan trenes før valget

VIDEO: Mange utfordringer må løses for å avvikle valget. Blant annet har politiet fått egen valgopplæring.

Med ulike stemmesystem i ulike delar av landet, nesten 80 ulike parti å velje mellom og både ti og tolv ulike stemmesedlar å holde greie på.

Mange av veljarane er analfabetar, og valmannskapet har heller ikkje vore med på dette før.

Sjansen for å drive effektivt valfusk er med andre ord til stades, og mistanken om at det vil skje for lengst etablert.

I Darfur er valkorpset erklært som militær fiende av i alle fall ei av opprørsgruppene, og nervøsiteten for uro og vold er forståeleg stor.

Dette valet kan bli verre enn det i Afghanistan, seier ein diplomat.

Men sjølv om observatørar forsvinn og dei fremste opposisjonskandidatane boikottar valet, er FN framleis på plass og gir valstyremaktene assistanse.

- Vi forsøkjer å å hjelpe til med transport av valsedlar, og å gi opplæring slik at politiet kan gjere jobben sin med å sikre valet, seier Kemal Saiki

Vil sikre seg legitimitet

Håpet til president Bashir er at han skal sikre seg sjølv og regimet sitt større legitimitet gjennom val. Bashir, som kom til makta i eit militærkupp i 1989 og er ettersøkt av Den internasjonale kriminaldomstolen for krigsbrotsverk i Darfur.

Og sjølv om to hovudrivalar nå boikottar valet, trur Bashir at ein valseier kan bli ein fin tankevekkar å sende tilbake til kriminaldomstolen.

At Bashir vinn, er det liten tvil om. Han har kontroll over hæren og politiet, og han kontrollerer i praksis mediene.

Men valkampen har gitt små gløtt av politisk debatt og spelerom. Opposisjonen har fått tilgang til å snakke på TV, og det har vore lette i avissensuren.

Men da det blei gjort forsøk på å la demonstrantar protestere utanfor kontora til Valkommisjonen, greidde ikkje politiet å holde seg lenger og slo til med arrestasjonar.

Sudans FN-ambassadør Abdalmahmood Mohammad forsikrar at det berre er krusningar, og ikkje krise.

- Vi har ingen krise. Alt er klart for valet. Det kan vere krise i enkelte av partia som stiller til valet, men det er deira problem og ikkje det sudanske folket sitt. Valet på søndag vil bli ope og demokratisk, eit val alle i Sudan vil bli stolte av, seier FN-ambassadøren.

Veljarane - dei som er registrerte av dei - veit ikkje anna enn at dei har fått eit høve til å uttrykke meininga si.

- Det viktigaste er den retten eg her har fått, den retten vil eg ikkje miste. Og eg vil stemme på det partiet eg ønsker, seier flyktning Abudlla Khater Abbas i Darfur.

Video Kvinnekvote i Sudans parlament

VIDEO: Sudan har innført en kvinnekvote i Parlamentet. Håpet er at flere kvinnelige politikere skal føre til innsats mot kjønnslemlestelse og den høye dødeligheten blant fødende kvinner.

SISTE NYTT

Siste nytt