Tvil om avrøysting i Sør-Sudan

Sudans president Omar al-Bashir truar med å avlyse folkerøystinga om sjølvstende for Sør-Sudan i januar neste år.

Sudan-president Omar al-Bashir
Foto: Osama Faisal / Scanpix/AP

Dette vil skje dersom styresmaktene i Sør-Sudan gjer alvor av trusselen om å boikotte parlamentsvalet i april.

Valet på ny nasjonalforsamling i Sudan startar 11. april og er det første fleirpartivalet i landet på 24 år.

Folkerøystinga om den vidare statusen til Sør-Sudan er planlagd i januar 2011, og er ein sentral del av freds­avtalen mellom SPLM og Bashirs parti.

SISTE NYTT

Siste nytt