Hopp til innhold

Kystverket: Kontroll over oljesølet

- Oljesølet frå det havarerte konteinarskipet "Godafoss" er under kontroll, seier beredskapssjefen i Kystverket, Johan Marius Ly.

Lasteskipet Godafoss på grunn ved Asmaløy, Hvaler

Kystverket meiner dei har kontroll over oljesølet frå konteinarskipet 'Godafoss'

Foto: Olsen, Linn Cathrin / SCANPIX

Trass i at oljen har nådd land fleire stader på både austsida og vestsida av Oslofjorden, meiner Ly at dei har kontroll over utsleppet.

Beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket

Johan Marius Ly er beredskspasjef i Kystverket.

Foto: Kystverket

- Oljen består av mindre klumpar, og det er ikkje snakk om eit samanhengjande oljebelte. Det gjer det lettare å få opp oljen, seier beredskapssjefen. Han opplyser at fem opptakssystem i ettermiddag er i sving for å fange opp oljen der det er mogleg.

Johan Marius Ly seier at dei no har god kontroll over kvar oljen er. Det er registrert olje så langt vest som til Svenner fyr, kan han fortelje.

LES OGSÅ: Oljesøl truer korallgyting

LES OGSÅ: Oljen har nådd Vestfold

Hittil er det henta opp 50.000 liter olje frå Oslofjorden. Ver og vind vil avgjere kvar resten av oljen vil hamne, men Kystverket seier dei har fullt trykk på å få opp oljen.

Det islandskeigde kontainerskipet "Godafoss" gjekk på grunn ved Asmaløy i Hvaler i Østfold torsdag kveld. Grunnstøytinga skuldast feilnavigering , vedgjekk kapteinen overfor politiet i går.

Det er uklart kor mykje tungolje som har leke i sjøen.

LES OGSÅ: – Ville aldri skjedd med los om bord

LES OGSÅ: – Vi ser på om nye tiltak vil komme etter dette uhellet

LES OGSÅ: Krever at Kystverket endrer losrutinene

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger