Hopp til innhold

Har hatt hemmelege møter i eitt og eit halvt år

Nestleiarane i Høgre og Frp har hatt hemmelege møter utanfor Stortinget i meir enn eitt og eit halvt år. Formålet har vore å førebu seg til regjeringssamarbeid. KrF og Venstre har ikkje fått vere med.

Ketil Solvik-Olsen og Jan Tore Sanner

Nestleiarane i Høgre og Frp har i over eitt år hatt hemmelege. Ketil Solvik-Olsen i Frp (t.v) og Jan Tore Sanner i Høgre.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Fem sentrale politikarar frå Høgre og Frp har det siste halvanna året med jamne mellomrom gått til eit møte få har visst om.

På ulike restaurantar i Oslo sentrum har dei sett seg ned rundt same bord og bestilt ein betre lunsj. NRK har fleire gongar spurt om å få intervju om møta, men først no fortel dei ope om dei.

– Det er viktig for oss å bli kjent og bygge tillit mellom partia når me ønskjer å styre saman. Då er det fint å kunne møtast uformelt over ein lunsj, seier Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner, som saman med Bent Høie tok initiativet til møta.

Møta har funne stad i Oslo sentrum, på Cafe Christiania, Brasserie Hansken og Løvebakken restaurant.

– Me har møttest kvar 6–7 veke, fortel påtroppande nestleiar i Frp, Ketil Solvik-Olsen.

Fotball og politikk

ketil solvik-olsen

Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Solvik-Olsen meiner møta er viktige.

– Det å ville styre landet saman betyr og at ein bør kjenne kvarandre og ha tillit til kvarandre. Og det oppnår ein ved å bruke tid saman og bli kjent.

– Kva diskuterer de på møta?

– Det er alt frå fotballresultata frå helga til politiske spørsmål. Men alltid i ein lett og ledig tone, seier Solvik-Olsen.

– Det er nødvendig og riktig å bygge tillit mellom parti og mellom menneske som ønskjer å styre saman, seier Sanner.

Sanner presiserer i etterkant av intervjuet at han ikkje meiner det har vore like mange lunsjmøter som Solvik-Olsen hevdar.

– Me har møttest fire gonger, seier han.

Visste ingenting

Høgre har fleire gongar gjenteke at dei vil regjere med alle dei borgarlege partia. Men Høgre har berre inviterte til eitt lunsjmøte med nestleiarane i KrF og Venstre i november i fjor, deretter sa det stopp.

Dei faste møta mellom Høgre og Frp har KrF og Venstre verken visst om eller blitt inviterte til.

– Eg har ikkje kjent til at dei har hatt den type møte over ein så lang periode, seier Knut Arild Hareide.

Hareide seier Høgre får møte kven dei vil, men han skulle gjerne blitt informert om den blåblå lunsjen.

– Ønskjer Høgre og bygge tillit til KrF, er det fint å bli informert om denne type møte, seier Hareide.

trine skei grande

Trine Skei Grande lar seg ikkje stresse.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Heller ikkje i Venstre har dei kjent Frp og Høgre sine møte.

– Dei får berre møtast så ofte dei vil for meg. Eg blir ikkje stressa av det, seier leiar Trine Skei Grande.

– Kva for signal sender det at Høgre og Frp har hatt desse møta i meir enn eitt og eit halvt år utan å invitere med Venstre?

– De betyr at dei forreknar seg litt, for eg trur veljarane heller vil ha ei blågrøn regjering enn ei mørkeblå, seier Grande.

Inviterer alle til neste møte

Sanner avviser at lunsjmøta viser noko signal om kven Høgre helst ønskjer å samarbeide med etter valet.

– Signalet er at me ønskjer å samarbeide med alle partia på borgarleg side.

Og no har også nestleiarane i Høgre og Frp bestemt seg for å invitere alle med.

– På neste møte, som truleg finn stad før sommarferien, vil også nestleiarane i Venstre og KrF også bli inviterte, seier Sanner.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.