Hopp til innhold

Krev omkamp etter uavgjortkamp

Drammen HK meiner dommaren hjalp ØIF Arendal til uavgjort 30-30 i onsdagens oppgjer i Drammenshallen. No har drammensarane lagt inn protest.

Marinko Kurtovic, Drammen HK

OMKAMP: Drammen har lagt inn protest etter kampen mot ØIF Arendal. Trenar Marinko Kurtovic trur på omkamp. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg ventar at det vert omkamp. Det er gjort eit klart regelbrot, seier Drammen-trenar Marinko Kurtovic til NRK.no.

Dette skjedde

Ni sekund før full tid, på stillinga 30-29 til Drammen, fekk ein av heimelaget sine spelarar to minutt utvisning. Spelaren reagerte med å sparke til ein stol på sidelinja. Dommaren gav spelaren då raudt kort, og Drammen måtte i tillegg ta ut endå ein spelar.

Drammen stod tilbake med kun fire mann med ni sekund att å spele. Tre sekund før full tid, sikra unge David Rui utlikning og poengdeling i Drammenshallen.

– Dersom dommaren har gjort eit regelbrot, som spelar inn på utfallet av kampen, ser eg klart og tydleg at det vil bli omkamp, seier Kurtovic.

– Dommaren gjorde feil

– No er det ikkje eg som lagar reglane, men eg har lese gjennom dei og det er klart at dommarane gjorde feil når dei tok ut ein spelar til, seier han.

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad, frykta ikkje ein protest etter kampslutt.

– Eg har ikkje heilt oversikt endå, men dei får leggje inn ein protest om dei vil, seier Gautestad.

Handballforbundet skal no behandle saka.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %